torsdag 20. februar 2014

Middagen smaker unektelig best i fri luft............

 Som "fersk" blogger tek det tid å komme i gang. Skal ikkje vera enkelt å gjera det som er enkelt, men etter både tid og stunder greide eg å mote meg opp til å skrive mitt fyrste innlegg på Naturbarans blogg. Så turen er nok ikkje heilt "rykande" fersk,.......

           09.52 tikka det inn ein melding på telefonen min frå Anita:
Hvis veret held seg i dag kan vi kanskje ut å prøve julepresangane våre i ettermiddag/kveld? Du har vel eit stormkjøkken som må tas i bruk - eg har truger som står ubrukte i skapet......    

Ja kvifor ikkje. Utrulig nok var det både sol, litt snø, kaldt og vindstille. Før vi kunne komme oss avgårde var det eit par praktiske ting som måtte på plass. Arbeidsdagen måtte avsluttes, Anita skulle kjøpe gass til stormkjøkkenet, vi måtte pakke sekken, og eg hadde lova Anita pannekaker med bacon eller blåbærsyltetøy. Sidan det mørkna relativt raskt på ettermiddagene fann vi ut at Fjellandsbø og Leiteshaugane var eit passe mål for turen. Her kunne det kanskje til og med vera så pass mykje snø at trugene kunne nyttas?  Vi avtalte å møtes ved Fjellandsbø presis kl 16.45.

Litt reklame for turmålet vårt:

For dei som ikkje veit kvar Fjellandsbø ligg, er det ei "perle" øverst i Uskedalen, tett innunder det mektige fjellet Ulvanåso. 
Det går bilveg heilt fram til Fjellandsbøvatnet. 

Om vinteren når kulden har stått på ei tid, frys vatnet til tjukk is, og bygdefolket nyttar då isen som skøytebane. Fantastisk flott. Om sommeren kan du treffe på fjellklatrere som har slege opp telt på flatene ved vatnet. Ulvanåso er eit ynda klatrefjell. 

Fylgjer ein vegen vidare inn over dalen i nokre minuttar til fots, kjem ein til eit gamalt gårdsbruk som ligg idyllisk til med utsikt ut over Fjellandsbøvatnet. 

Frå gårdsbruke går det ein skogsveg vidare til Leiteshaugane. Turen tek ca 15-20 min å gå i moderat tempo, i slakk motbakke. Her finn du ein postkasse med ei bok du kan skrive navnet ditt i. Går du litt lengre, og opp på toppen "bak" postkassa vil du få flott utsikt ned til Matrefjorden og inn mot Blådalen. 

Dette er ein flott tur for familier med små barn, og elles alle som likar å gå på tur.  


    

Utsikten vår. Skumringstimen over Fjellandsbø. VAKKERT?????


Vi ankom Fjellandsbø, med pluss-minus nokre minuttar, nesten som avtalt. 
Sola var allereie byrja gå ned over bygda. 
Anita hadde i tillegg til å kjøpa gass, kjøpt seg ny hodelykt på sporten. Så mørke var ingen problem. Vi måtte jo vere ute så pass lenge at vi fekk nytta det nyinnkjøpte vidunderet til Anita. 
Anita hadde lete trugene bli heime, noko som i og for seg var svært lurt. Her var det snø, men langt frå trugesnø. Heller det vi kan omtala som skosnø. Vi lyt nok ta trugetur ein anna dag......

Turen inn til Leiteshaugane gjekk gjennom vakker snødekt natur. Sjølv om det ikkje var mykje snø, hadde snøen lagt seg på tre og buskar som eit fint teppe. 
Med skumringa kom den trolske blå stemninga inn over landskapet, komplimentert med ein nydelig raud/oransje himmel. 
                       

Vel framme var det tid for å prøve ut julegaven eg hadde fått av min kjære datter Malin med familie. Eit høgt ynskja stormkjøkken med steikepanne, kaffekjele og panne. 


Eg hadde lova Anita pannekaker med flesk, eller blåbærsyltetøy til middag. Det skulle vera valgfritt......
Alt skulle vera på plass......eller? Gass, stormkjøkken, kakerøre, syltetøy, kaffe, skei og steikespade kom ut av sekken og vart dandert rundt om kring i snøen.

Då kjem det frå Anita: Har du hugsa fat? Eg tenkte eg skulle teke det med, men sidan du skulle.........

Fat og bacon sto nok fortsatt heima på kjøkkendisken. Ja ja, slike små ting vippar ikkje to turgormear av pinnen.....
Vi fekk bluss på gassen, og byrja steike kaker. Måtte raskt konkludere med at steikepanna var litt vel stor i forhold til flammen. Kakene vart svært godt steikt på midten, og svært kvite på sidene, men gode var dei. Spesielt gode blei dei nok sidan vi begge var sultne, og mat smakar jo alltid best ute på tur.
 Anita er nøgd med middagen



 Utsikten vår var det ingenting og klage på.



 Så senka mørket seg over fjell, skog og li. Heilt utrulig vakkert og trolsk stemning. 



 Som obligatorisk tur utstyr hadde eg sjølvsagt med stjerneskudd. Har ikkje alle det med i sekken????


Etter ein vellykka middag i flott natur, fekk Anita prøvd hodelykta si for alvor. Det mørkna raskt i skogen på denne tid av året. Det var som ein brytar vart skrudd om, og det vart mørkt. Med mørket kom og den klare flotte stjernehimmelen.
Vi hadde ein fin tur ned til bilen, og lykta til Anita holdt mål.

Gleder meg alt til nye turer :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)