onsdag 12. februar 2014

Velkomen til Naturbarnas fyrste...

...blogginnlegg!!

Hipp, hipp, no har Naturbarna (endeleg) bestemt seg for å laga turblogg der vi vil spre turopplevingane våre til kreti og pleti :-) Her kjem dåke til å få uforskamma mange naturbileter, unødvendig mange selfies, mange turråd (som nok ingen turekspertar kjem til å godkjenna på førehand, eller etterhand, for den del..), bortover turar, oppturar, nedturar og ikkje minst:

..bileter av bakstussen til Ann Irene....
 
 
....og framparten til Anita...
 
Dette har då sjølvsagt ikkje noko å gjera med at dette er våre beste sider, men viser vel heller kondisjonsnivået - Ann Irene ligg fyrst i løypa medan Anita kjem halsande etter :-)
 
 
Velkomen til å alle som vil fylgja oss på tur!

 
 




1 kommentar:

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)