søndag 6. april 2014

Haukelirennet 2014 må vi vera med på...

...tenkte administratorane av Facebookgruppa Vi Venen høsten 2013. Ikkje er vi nokre skiess og då burde 32 km på ski virka som det glade vannvidd, men neida - vi hausa kvarandre opp til å tru at dette kom til å bli kjekt....

Som sagt, så gjort - brått hadde vi laga til eit event på dette og 6 andre damer ville vera med. Og sjølv om vi hadde hatt mange månader på å ta til vitet, så sat vi brått i bilen på veg til ei helg på Vågslid/Haukeli fredag ettermiddag :-)

Veret var nydeleg på veg opp og eit lite stykke før Haukeliseter måtte vi berre stoppa å ta nokre bileter:



To av dei flotte damene vi hadde med oss på tur :-)
 

Vi hadde bestilt overnatting i Råsalia Apartments midt i skibakken på Vågslid. Og jammen er det bra at damene ikkje stolte heilt på underteikna som påstod vi skulle bu både i 9b og 95b, for uansett kor mange ganger eg gjentok dette, var dei andre skjønt einige om at vi budde i 5b! Og leiligheita var vi heldige med - her var det kjempeflott :-)




Råsalia Apartments ein nydeleg 4.april kveld :-)
 

 
Fredagskvelden bruka vi til å eta ein god kvelds, bli betre kjent med kvarandre og leggja planane for neste dag. Mest spent var vi på kva ver det kom til å bli når vi stod opp neste morgon - vi visste så altfor godt at vermeldingane ikkje var veldig gode.

 
Men det var ikkje så altfor ille då vi stod opp. Riktig nok var det overskya, men det var ikkje særleg kaldt og det var vindstille - dette skulle gå bra :-) Vi klarte faktisk å samla oss nede i startområdet nesten innan fristen vi hadde gjeve oss sjølve. Vi kom litt seinare i gang enn planlagt, men det var fordi vi var så heldige å finna fram til smørebua på stadion :-) Dermed stilte alle damene med ski smørt etter forholda :-) Og sjølv om eg følte meg litt lurt då eg rann bort til T-heisen som skulle ta meg opp til startområdet, så viste det seg uti løypa at å få smørt skia sine skikkeleg nok hadde vore eit smart valg.

 
Tross diverse bekymringar kom alle 8 seg opp med T-heisen til startområdet utan problem. Yhoo! Eit par av oss satte standarden allereie i fyrste bakken ned frå heisen - ein kanskje ca. 20 meter bakke, ikkje så altfor bratt, men veldig skarete og hard. Etter 10-15 (!!!!) minuttar hadde vi endeleg kome oss ned den bakken og kunne ta fatt på dei neste 31980metrane av løypa.... Og no gjekk det straks betre :-) Skia glei godt både bortover og nedover og vi kunne nesten gå rett opp oppoverbakkane - smørarane hadde ikkje bomma denne dagen ;-)
 

 
Eg såg eit bilete på nett av starten på sjølve rennet på i dag og spurte dei andre om dei hadde sett kor starten gjekk i frå? Eg hadde nemleg ikkje sett det området når eg gjekk...


...det hadde eg tydelegvis likevel gjort, for eg fann i allefall dette biletet av startområdet på mobilen min i dag...

Her er vi godt i gang i byrjinga av løypa :-)

Dette var medan vi framleis kunne sjå noko rundt oss og korleis løypa gjekk lenger framme.

Vi var langt i frå dei einaste på tur denne dagen :-)
 

Som forventa så var vi ikkje dei einaste Kvinnheringane i løypa. Vi såg kjente fjes overalt. Vi kan f.eks ikkje ha gått meir enn ein halv km før vi kunne slå fast at Omvikdalen måtte vera tom for folk denne laurdagen..

Gjett kva løype eg høyrte heima i??
 

Smøraren i smørebua hadde sagt det skulle byrja å snøa kl. 11. Kl.11 byrja det å snøa. Og dermed forsvann sikten nesten heile resten av turen. Solbrillene blei dekka av snø, når den smelta blei dei dekka av vatn og stoppa ein pittelitt opp vart dei dekka av dogg! Tok ein solbrillene av blei det for lyst og ein såg ikkje noko betre då. Så nokre utsiktsbileter av turen har eg ikkje. Sjølv om temperaturen framleis var fin, blei det noko surt. Dei få drikkepausane ein tok blei unnagjort i ein fei då ein blei kald med eingong ein stod i ro. Likevel - det var det med sikten og nesten ikkje kunna sjå noko framfor seg som var verst.

 
Ei av damene hadde tidleg sagt at ho kun skulle gå den blå løypa. Den trudde ho at var 12km lang, men den viste seg å vera 18km.Vi hadde bomma litt der då eit par av oss hadde sagt vi skulle gjera opp status på kor langt vi skulle gå når vi kom til punktet kor vi skulle skilja lag. Det skiljet kom allereie etter 5km, og då syntes vi det var litt for tidleg å hoppa av. Så då var vi 7 stk, som fortsatte den laaaaaaange turen. I ettertid ser vi av løypekartet at ho kunne vore med i 3 km til og der kunne ho snudd ved fyrste drikkestasjon. Då hadde ho nok og fått fylgje av, i allefall to av oss andre, tilbake dei 10 kilometrane på returen - eg hadde vore strålande nøgd med å ha gått 18km på ski!!!
 

Men slik blei det ikkje denne gongen - vi satsa på å stå heile løpet ut :-) 3 av damen haldt eit litt større tempo enn oss andre, og dermed blei vi 4 damer som danna baktroppen. Iom at veret var slik det var forventa vi heller ikkje at dei skulle stå å venta på oss lenger framme - her måtte ein berre gå sitt eige løp.

 
Eg for min del, som hadde gått rundt og sagt at løypa såg forholdsvis flat ut, måtte bita i meg det utsagnet ganske tidleg. Sjølv om det var få bratte bakkar var det ei kupert løype og eg tykte det gjekk oppover og oppover, pittelitt nedover og pittelitt bortover og definetivt oppover.
 
 

Då vi var komen meir eller mindre i svingen kor løypa snur og byrjar gå tilbake, kom -svisj - svusj- dei beste eliteløparane susande forbi oss. Iom at eg gjekk med tildekka solbriller og hetta langt nedanforbi dei igjen, klarte eg ikkje å sjå om det var nokre kjente fjes. Men eg fekk med meg at på det punkte i løypa så låg Anders Aukland som nr. 6. Det fekk eg eine og aleine med meg av den grunn at eg måtte snu meg å sjå om eg gjekk i vegen for nokon - og då for han forbi :-)

 
 
Planen var jo å finna ein plass å ta matpause i dette området, men det måtte vi slå i frå oss for i det vi snudde snuten på heim fekk vi ein iskald vind midt i mot. Ånei, skal vi ha det sånn i 16km???? Vi var berre nødt til å snu ryggen mot vinden, hella i oss litt sportsdrikk på drikkestasjonen, få i oss to skjevebitar og så legga i veg igjen. Eg hadde jo allereie byrja kjenna turen godt i beina og prøvde å ikkje tenka på at det var halve turen igjen...
 
 

No byrja den lengste stigninga på turen. Framleis ikkje så bratt, men det gjekk oppover, oppover, oppover, f...en - skulle denne stigninga aldri ta slutt???? Omsider var vi oppe, og her måtte vi berre prøva å få i oss litt meir næring. Ein varm solbærtoddy og litt sjokolade var det eg fekk i meg.

Sekken parkert på ein av dei få pausane vi tok. Og det var ikkje noko lett sekk eg bar på - bytekler, nista og drikka i massevis. Då eg kom heim hadde eg ikkje brukt noko bytekler, eg hadde drukket 1/4 av ei colaflaske, tatt ein slurk tyrkisk pepper og ete 2 små firkanta foccaciabrød. Den eine halve firkanten heiv eg foressten...Så sekken var praktisk tala like tung frå start til mål...

Og medan vi stod her og hadde denne vetle pausen vår og kjente at vi var godt slitne dukka brått ein uskedalsgjeng opp. Og bland dei nokre spreke ungar som slett ikkje syntes dei hadde brukt for noko mat-og drikkepause! Akk, dei som hadde hatt den energien :-)
 

Fleire bileter ute i løypa tok eg ikkje. Mobilen gjekk tom for batteri og sidan ein blei kaldt så snart ein stoppa var det ikkje fristande å stoppa meir enn naudsynt. No fekk vi heldigvis litt fleire nedoverbakkar :-) Men no måtte vi jo ikkje berre passa på oss sjølve, vi måtte og passa på dei som kom bak oss. Vi ville jo ikkje vera dei som sørga for at eliteløparane for overende :-) Så tempoet vart deretter. Kvar gong vi skulle ned ein liten bakke så var det å venta til sikten var klar og ingen eliteløpar var i nærleiken - så kunne vi bruka heile breidda til å ploga oss ned. He-he.

 
Langt om lenge kom vi ned til fyrste drikkestasjon igjen. Eg var no meir enn sliten og hadde lenge venta/drøymt om at det skulle dukka opp ein snøscootar og plukka meg opp. Men - sukk - vi passerte drikkestasjonen ein time før dei byra pakka saman og plukka opp dei som enda ikkje hadde passert..
 

10 lange kilometer stod no igjen. Blei litt optimist då dama på drikkestasjonen sa det no gjekk slakt nedover. Har ho gått løypa mon tru?? Her gjekk det jo oppover og oppover igjen. Dyktig utsleten sakka eg no litt av, men det gjekk no framover på eit vis. Ikkje hjalp det og forbanna den som hadde funne på denne glimrande ideen om å gå 32km på ski heller....Eg blei visst etter sigande veldig taus no...Ikkje var det noko alternativ å gje seg heller - eg måtte jo berre koma meg til mål anten eg ville eller ikkje. Ei stund trudde eg at eg såg syner, men nei, sola trua fakisk med å dukka fram i nokre sekund.
 
 
Laaaaangt om leeeeeeenge byrja det endeleg å gå på ned. Problemet var jo at eg no var så sliten at eg nesten ikkje hadde krefter igjen til å hverken ploga eller stå nedover på ski. Og på toppen av alt så har dei lagt slutten ned ei utfor løype!!! Eg trur dei likar å pina folk her på Vågslid - fyrst sender dei oss ut på tur i 29 kilometer og så sender dei oss til slutt ned ei utforløype!!!?? Eg visst ikkje om eg skulle le, grina eller døy på flekken...
 

No hadde vi brukt så lang tid og var så trøyte at dei byrja koma etter oss på snøscootar og plukka ned løypa... Magnhild prøvde å spørja om haik ned og eg prøvde å lyga på meg akutt beinbrot, men det blei mottatt med ein liten latter. Ironisk nok var det desse nedoverbakkane eg følte meg tryggast i og følte eg beherska - dei er breie og fine og det er dei bak som må passa på deg og ikkje omvendt. Og eg har jo meir erfaring med slike bakkar enn turløyper - dog ikkje på langrennski. Men, dette hjalp jo ikkje så mykje når ein var så sliten at ein nesten ikkje kunne stå på beina lenger. Og til slutt blei det så bratt at vi rett og slett tok av oss skia og byrja gå ned medan vi såg på andre som trudde dei kunne stå ned, men som ikkje kunne det likevel...
 

Heilt nede i målområdet fann vi jo ut av vi i allefall måtte gå over målstreken med ski på beina, så dei siste hundre metrane stavra vi oss fram på ski. No var det ikkje berre trøytheita som gjorde av vi sikkert var undehaldande å sjå på mot mål - eg for min del hadde store kladdar og isflekkar under skia som gjorde at eg meir eller mindre slepte den eine foten etter den andre :-)


MÅÅÅÅÅÅL!!! 32KM på ski - kva tenkte vi på?????

 
 
Endeleg i mål - eg var så glad som eg aldri har vore før! Og eg pusta og var i live!!! Og for å skikkeleg avslutta turen så gjekk vi opp slalombakken til Råsalia til fots - ved sida av oss gjekk tallerkenheisen opp....
 

Eg var så glad då Magnhild bøyde seg ned for å knyta opp sine skisko før meg for då kunne ho knyta opp mine med det same ho var der nede...Vi meir eller mindre ramla inn til dei andre som sat og venta på oss. Og - Oh Store Lykke - dei var ferdig dusja så det var ingen kø :-)
 

Skal seia det var ein glad og stolt gjeng som befann seg i Råsalia 5b, eller var det 9b?, i går kveld. Biff og kotelettar til middag og Lykke Bobler m/meir i glasa :-) Eg hadde vondt i heile kroppen, men var verdas lykkelegaste :-)
Glade, lukkeleg og stolte damer på tur :-)

Ja, denne og :-)

Det blei litt diskusjon om afterski, men eg hadde slett ikkje noko energi til å flytta meg utav stolen denne kvelden. Det blei til at ikkje dei andre gjekk heller. Ingen orka tanken på å gå opp slalombakken igjen...I dag fann vi nr. til både taxi og minibuss i instruksjonsboka til hytta....

Nei, i stadenfor bestemte vi oss for at til neste år skulle vi heller bestilla overnatting nærare afterski'en. HJELP - til neste år????? Skal vi gjera dette eingong til???????


PS! Note to myself: Neste gong du finn på noko slikt som dette så les løypeprofilen rett veg. Då kan det faktisk vera slik at det går litt oppover i byrjinga og så stort sett nedover resten - ikkje omvendt....

1 kommentar:

  1. Forr nåkken dame! Leser imponert med et smil rundt munnen og fornya tru på dop- og sponsorfri idrettsglede med humør, sjølironi og pågangsmot som drivkraft. Turen innom smørebua var litt på kanten, men må godkjennes som ren overlevelsesstrategi! Hurra for damen fra Uskedalen! "Mor i brøstet, vett i pannen???, stål i ben og armer. Slike jenter det vil gamla Norge ha!

    SvarSlett

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)