Det nye av året var samarbeid mellom Festidalen og Vi venene. Som dei fleste veit er Vi venene ei facebook gruppe for folk/vener som er glad i å gå på tur saman, og som vil ha meir en kvikklunsj og appelsin på turen. Altså turar med nåko attåt.
Så når Festidalen kontakta Vi venene om å samarbeide om å arrangere kosetur til Låganåso, var ikkje leiarane for Vi venene vansklige å be. Den einaste utfordringa var konfirmasjon i bygd denne helga, noko som gjorde at Magnhild ikkje kunne delta i arrangementet denne gongen. Anita hadde behov for ein shepper. Slik vart eg kopla inn. Sjølvsagt kunne eg ikkje seia nei. Dette var jo berre kjekt og moro.
Sjølv om det ikkje var så mange som meldte seg på turen, bestemte vi oss for å stå ut løpet og gjennomføre turen. Vi hadde hatt nydelig flott vår/sommar vær heile veka, og værmeldingene lova sol også på laurdagen.
Anita montere den fyrst banneren |
Vi konkluderte med at å få opp alt laurdag kunne bli litt vel mykje. Vi fekk ta turen opp lia fredag. Få på plass ved, drikke og bannere.
DNB på fjellet |
Vi fekk oss ein nydelig tur opp lia til Lågenåsa. Før vi kom oss heim den kvelden fekk vi oppleve ein flott solnedgang over bygd og fjell. No var det meste klart for koseturen laurdag.
Nydelig solnedgang |
Anita legg drikka på kjøl :) |
Laurdagen kom med nydelig vær.
Kl 11.00 gjekk vi i samla tropp mot Lågenåsa. Gjengen som skulle på topptur til Geitedalstind var alt komme seg avgårde. Vi gleda oss til å finne oss gode plassar oppunder Geitedalstind, og sjå dei spreke og dyktige skiløperane komma susande nedover det mektige fjellet. Ikkje mykje bedre en dette å ta seg til ein laurdag. Fjell, natur, sport, godt lag og god mat i nydleig sol. Herlig.
kjøling av drikke |
Fyrste pause: Lågenåso |
Vi fann oss ein fin plass godt over snøgrensa. Her hadde vi panoramautsikt til Geitedalstind og flott utsikt over bygda. I godt lag brann vi bål og grilla pølser.
Geitedalstind |
Grilling og kos |
Leiren vår |
Det tok lengre tid en vi antok det skulle ta før skifolket kom susande ned fjellsida. Det blas godt her vi hadde slege leir, så etter ei stund tok vi ei avgjersle på å gå ned til Lågenåsa og vente der med kald leskande drikke til skigåarane.
Eg valgte å ta meg ein liten tur opp til "mini" tinden på Ulvanåso. Kva denne tinden heiter anar eg faktisk ikkje, men eg har høyrt at den er ca 1000 moh?????
Utsikt over Uskedalen |
Utsikt mot Hauglandsfjellet og Solfjell |
Eg hadde ein fantastisk flott tur. På veg ned igjen fekk eg panoramautsikt til skifolket som no kom susande ned den mektige fjellsida. Vel nede på Lågenåsa venta resten av kosetur gjengen med leskende drikke til fjellfolket. Lågenåsa vart forvandla til den flottaste skicamp ein kan tenkja seg.
Nydelig.
I samla følge kom vi ned frå fjellet, klar for god middag laga av Elins matgleder, quis og konsert.
Takk for fin tur og godt lag! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)