Ja, då er jammen årets fyrste skitur unnagjort :-) Det hadde eg jammen ikkje trudd når eg sat og såg ut kontorvindauga mitt på Opsanger i dag tidleg. Men når nokon bestemte seg for at dei skulle gå uansett ver, måtte eg jo berre hiva meg med okkesom. Tenk om dei fekk ein flott tur medan eg sat heima på rumpa, gumla chips og såg OLreprisar omatt og omatt??? Det kunne eg ikkje la skje.
Så då var det berre til å køyra heim etter jobb, pakka sekken, ta fram skia og venta på at Magnhild skulle henta meg. Det regna framleis når vi kom opp i Fjellhaugen, men det var vindstille og ikkje noko kaldt. Sidan eg ikkje har somla meg til å kjøpa nye turski enda, etter å ha sagt eg skal gjera det i mange år, satsa eg på at det skulle gå greit med vanlege langrennski + feller som eg hadde fått låna av min kollega Widar. Og tenk at eg skulle bli nesten 44 år før eg fann ut at feller må vera noko av det luraste som er oppfunnen! Eg har vel aldri gått ein skibakke før utan å setja fiskebein, men no gjekk eg rett opp utan å blunka!
Vi hadde ikkje gått langt før det slutta å regna og då blei det jo kjempeflott å gå. Litt snø og vind når vi nærma oss Nautavatnet, men då hadde vi jo gått oss varme, så det gjorde ingenting :-)
Etter 1 time og 1 minutt nådde vi skiltet :-)
Vi tok ein liten pust i bakken før vi vende skia mot Fjellhaugen igjen. Litt spent på å gå den vegen då den hadla litt nedover, men snubleguri klarte seg utan å vera nedi med stumpen ein einaste gong :-) Skulle berre mangla - eg nekta å ta av fellene og farten kjem vel innunder svært lav - sjølv om eg innbilla meg at eg suste avgårde ;-)
Det var ein særs nøgd liten gjeng som returnerte til Fjellhaugen. Måneskinet gjekk vi glipp av, men vi hadde likevel ein strålande, flott tur. Denne turen skal jammen gjentas meir enn eingang!

Desse tre kosa seg stort på skitur i kveld :-)
Denne turen vil eg sterkt anbefala til alle. Den er litt bratt i byrjinga, men det går greit. Eg er sikker på at dette er ein tur alle kan greia å gå :-)
No gjenstår det berre å masa, masa, masa og masa så mykje på Ann Irene at ho gjer etter og skaffar seg ski ho og :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)