søndag 30. mars 2014

Eg var ikkje berre kvit av skrekk....

...då Magnhild kom på tunet og henta meg tidleg laurdag morgon - den nye solkremen hjalp litt til den og. Ekspeditøren på apoteket hadde heilt rett i at kremen var matt - eg såg ut som ein geisha....

Uansett, det var ikkje vanskeleg å vakna laurdag morgon - det var verre å sova. Magnhild hadde fått det for seg tidlegare i veka at skitur til Ulvanåso var ein god ide - og eg skulle jo då vera med. Mine skiferdigheiter på bortoverski strekk seg til strekninga bil-solplass i Blådalen, rusling i lysløypa i Fjellhaugen og heile ein (1) skitur - den gjekk til Nautavatnet i mørket tidlegare i år. Ja, så eg såg det som ein heilt sjølvsagt ting å ta ut på skitur til Ulvanåso.

No er eg utstyrt med pittelitt sjølvinsikt, så eg sa aldri at eg skulle på skitur til Ulvanåso - eg skulle på skitur MOT Ulvanåso. Ellers så sat eg meg små delmål - det fyrste var å klara å bera den tunge sekken med ski opp til snøgrensa!

Vi var 5 stykker som tok ut på tur i frå Tveitedalen. Bommen var ikkje nede og vi kunne køyra heilt inn til brua. Der var det på med sekkane og så byrja den fyrste etappa.

Vi fylgde skogsvegen innover og ganske kjapt møter ein på dette skiltet.
 
 
Vidare føl ein framleis ein skogsveg slakt oppover.
 
 
Det var ein strålande morgon og sola varma allereie. Alle var ved godt mot og dette måtte berre bli ein flott tur. Null stress - vi skulle bruka heile dagen på tur :-)
 



Etterkvart vart vegen brattare og brattare, men det gjekk likevel overraskande enkelt og greit, syntes eg.
 
 
Etter ei stund tar skogsvegen slutt og ein må over på sti. Den snirklar seg oppover og oppover. Sjølv om det var tett skog rundt oss var det greit å koma seg fram med ski som stakk høgt opp på kvar side av sekkane. Med den snøfattige vintaren vi har hatt i år rekna vi med at vi måtte gå lenge med dei på sekkane før vi kunne ta dei på beina.
 

Øystein tippa vi ville bruka ca. 1 time til Dyrrindo. Vi brukte vel littegrann lenger tid - vi får skylda på varmen :-) Men, brått var vi der...
 

Her tok vi oss ein god pust i bakken og ein liten matpause. Vi var no komen opp i snø - og dermed hadde eg nådd mitt fyrste mål :-) Og det utan å slita meg ut i det heile tatt - her var det berre til å fortsetja :-)
 

Jada, vi skal oppover, ser dåke :-)
 
 
Bak hytta/stølen er det ein bratt bakke ein må opp, men den er heldigvis ikkje så lang. Og då vi kom på toppen av den, var det faktisk mogleg å spenna på seg skia.
 

Og herifrå gjekk det oppover, bortover, litt nedover og rundt omkring :-) Flott utsikt byrja vi få og :-)
 
 
Snøen var "slushete" og med feller under skia var det ikkje noko problem å koma seg fram.
 

Det bar oppover og oppover....
 

....noko som viste igjen på utsikta.
 

No var det neste målet vårt mathola/snøhola kor vi skulle ta oss ein god kvil og matøkt. Akkurat no er eg litt usikker på om dei to bileta over er tatt før eller etter mathola/snøhola - her blei det fotografert både med mobil og kamera, så det går litt om ein annan...
 


Mathola/snøhola er nådd og det er tid for mat.
 
Her møtte vi og på folk som var ferdig med pausen sin og skulle vidare, og folk som allereie hadde vore oppe på Nåso og som hadde pausa på veg ned igjen. Eg byrja kjenna turen i beina no, så det var godt meg ein pause og påfyll av mat og drikke.
 
 
Så gjekk turen vidare - Dag Olav og hunden leia an. Her ser vi Ulvanåso i det fjerne.
 






Vi nærma oss, men framleis var det eit stykke igjen å gå..
 

Tada - strålande nøgd med å ha nådd så langt. Før vi kom til snøhola/mathola kom det litt kaldt vind. Så før ferden fortsatte tenkte eg at det var lurt å ta på seg jakka og hua. Dei som allerie hadde vore oppe på toppen sa det blas og var iskaldt der. Men dei må rett og slett ha vore der for tidleg - her var det vindstille og sola steikte - jakke og hua kom av omtrent lika fort som det kom på :-)
 

Litt av ei utsikt når vi snudde oss.

Her oppe var det fantastisk flott! Vidt og fint - eit lite skiparadis :-) No byrja eg kjenna turen godt i kroppen og dess nærare vi kom toppen dess meir spent vart eg - ville eg nå heilt fram? Det var ein veldig smal passasje der framme og eg innbilla meg at det var ganske luftig på begge sider.
 

Kun siste biten igjen no...
 
 
Og omtrent her merka eg at no var det nok. Det halla litt for mykje nedover på venstre side for meg og eg følte på at skiferdigheitene mine ikkje passa heilt inn her. Eg kunne sikkert kome meg fram ved å kikka rett ned og ikkje rundt meg, men eg hadde jo vore stiv av skrekk heile vegen og hadde ikkje slappa av utpå Nåso i det heile - og kanskje panikken hadde tatt meg når eg skulle snu og gå andre vegen - då gjekk det jo nedover. Det hadde ikkje vore kjekt hverken for meg eller dei andre.
 
 
E tok av skia og prøvde å gå litt lenger på beina, men det var for blaut - og når eg kom fram til desse skavlane var det stopp. Nok var nok - eg hadde det ikkje lenger kjekt og bestemte meg for å snu. Eg visste jo og så altfor godt korleis det såg ut på andre sida av skavlane...
 

...slik!
 
 
I det eg er komen tilbake til skia og snur meg og ser etter dei andre så ser eg at her kjem Magnhild tuslande med skia sine og - så då blei vi to som laga til leirplass medan vi venta på dei andre :-)
 
 
OK - så kom eg meg ikkje heilt til endes på turen, men det gjere meg absolutt ingenting! Eg er meir enn nøgd med å ha kome så langt som eg kom!
 



Det var jo berre snakk om minuttar så var dei 3 andre tilbake hos oss...
 

Og så var det tid for pause og kos :-) Det syntes vi verkeleg vi hadde fortjent! Og her sat vi då å kosa oss, sola oss og såg på den storslåtte utsikta.
 


Trur ikkje er har hatt betre utsikt nokon gong på mine turar.
 

Eg var no litt spent på heimturen og, eg då. Eg er jo heller ikkje så glad i fart og sjølv om vegen ned ikkje var så himla bratt og det var store flater å svinga på, hadde eg nok følt meg litt høgare i hatten med nedoverski på beina. Eg starta nedfarten litt før dei andre for å prøva meg fram. Medan dei andre hadde bestemt seg for å ta av fellene, var ikkje det noko alternativ for meg - eg syntes det gjekk fort nok med feller ;-)





Det gjekk ikkje fort, men det gjekk heilt fint. Og då eg var komen så langt ned at eg kunne slappa av og tenkja at "jo, eg skal nok koma meg heim i dag og", så kunne eg snu meg og sjå når dei andre kom susande ned bakken. Og mellom oss sagt så syntes eg at eg såg at både den eine og andre var nede i snøen med stumpen, men så har eg nye kontaktlinser på prøve, så det kan henda eg såg feil ;-)
 
 

Resten av skituren ned gjekk greit. Eg kjente det godt i låra - og kanskje litt i armane og? Eg blei gjort litt narr av sidan eg var ein smule tregare enn dei andre - og eg er vel kanskje den einaste som har staka seg både opp og ned til Ulvanåso nokonsinne. He-he :-)

Og der var vi nede og kunne ta skia av oss att. Tveitedalen i det fjerne.

Då var det berre siste etappe igjen - gåturen ned til Tveitedalen. Og det er når du går nedover du merkar kor bratt det eigentleg er - eg kunne ikkje huska at det var så bratt når eg gjekk opp :-)

Det var ein blid, nøgd og lukkeleg gjeng som kom ned til bilane att - for min eigen del så kan eg vel seia at eg var godt sleten og :-)

Øystein spretta champagnen - berre fordi vi fortjente det! Og sjeldan har den smaka betre!


Dette var ein kjempeflott tur - kanskje den finaste eg nokon gong har hatt! Eg har definitivet som mål og ta turen igjen. Eg kjem sikkert aldri til å gå heilt ut på Nåso, men eg kjenner at det har eg heller ikkje behov for - turen eg storslått nok likevel :-)














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)