torsdag 24. april 2014

Anita's Påskeoppsummering...

...får dåker her :-)

For ei fantastisk Påske vi hadde i år! Vinter, vår, sommer, sol, snø - you name it - vi hadde alt! Og eg hadde ei særs aktiv Påske med masse uteaktivitetar :-)

Det byrja med venninnebesøk onsdagskvelden med gode bobler i glaset. Var like greit å gjera seg ferdig med det med ein gong - torsdag var det meldt regn så den dagen gjorde det ikkje noko om ein sov litt lenge ;-) Og slik blei det - torsdag var ein regnfull dag som blei brukt som sløvedag inne. Men då var ein og ferdig med det - resten av Påsken vart meir eller mindre tilbrakt ute.

Langfredag hoppa eg utav senga nesten før fulgane feis, berre nesten då dei for tida er frykteleg tidleg oppe å syng. Denne dagen skulle eigentleg kusine Marita og eg til Haukeli for å gå på bortoverski, men iom at Påsketuristen hadde tatt med seg heim ski og skisko som ikkje passa i hop, bestemte vi oss for at då fekk det bli Røldal og nedover ski istadenfor...

...og vi var jo slett ikkje dei einaste som hadde bestemt oss for å tilbringa dagen her..
 
No har ikkje eg brukt desse skia mine på eit par år no, og etter å ha tatt heisen opp bakken eingong, kom eg på kvifor - eg blir meir og meir pysete og bruker uhorveleg lang tid på koma meg ned bakken. At det verker i både legger og lår gjere jo heller ikkje saken betre. Nei, må kvila litt fann eg ut - og kvilte meg heile dagen utan å røra skia igjen før eg måtte ha dei på ned til bilen igjen. Kusine Marita, derimot, stod på ski dobbelt så mykje som meg ;-)
 
Men det var jo ein fantastisk flott dag! Vi var nesten dei fyrste som kom og ikkje blandt dei fyrste som reiste heim. Og ja, det blei sjølvsagt pysebakken ned til bilen igjen på meg....
 
Vel heima tok vi ein liten afterski på altanen og planla kva vi skulle gjera på Påskeafta. Og den brukte vi til...
 
...gåtur til Låganåso.
 
Nok ein strålande dag...
 
...utsikt frå Låganåso opp mot Geitedalstind.
 
Her kosa vi oss i sola og grilla litt pølser og pinnebrød :-)
 
1. Påskedag og Påsketuristen hadde endelg fått tak i ski og skisko som passa i hop, så då var det tidleg opp igjen og setja snuten mot Haukeli for å prøva oss på bortoverskia.
 
Og for ein strålande dag dette skulle bli! I motsetnad til når eg gjekk Haukelirennet så hadde vi i dag fantastisk utsikt over snøkvitt landskap uansett kor vi snudde oss. Skia var det verre med. Eg hadde eit par superglatte ski, tross mitt forsøk på å spaya dei med smurning som lova "grip". Marita hadde smørefrie ski som lugga. Så vi kom...
 
...ikkje så veldig langt før vi tok fyrste stopp. Vi hadde grei utsikt tilbake til Haukeliseter :-) Her bestemte vi oss for å sitja til sola hadde gjort snøen litt blautare.
 
Marita kosar seg i sola medan vi ventar på betre skiføre.
 
Men det var klart - vi hadde jo ikkje køyrt til Haukeli for å sitja på ræva ein heil dag til. Det hadde vi gjort oss ferdig med på Langfredag. Nei, det var berre til å sala på seg og sjå om ein kom litt lenger. Skia var nok ikkje blitt noko betre, men no hadde i allefall sola gjort det litt lausare i snøen. Sidan Marita er litt meir glad i fart enn meg, fekk ho no mine ski og eg tok dei smørefrie. Marita måtte bruka alle sine armmusklar for å ta seg fram der det ikkje var antydning til nedoverbakke for å sleppa å skli tilbake, medan eg måtte bruka alle mine armmusklar på å staka meg framover på luggete ski. Så aldri så gale at det ikkje er godt for noko - vi kom heim med armmusklar begge to ;-)
 
Men, det gjekk jo ikkje an å surmumla så mykje over skia når...
 
...vi hadde det så fint!
Utsikt til høgre på vår andre rasteplass. Her har det gått ras, men som dåke ser så går det skiløype heilt oppi raset. Her gjekk det folk fram og tilbake heile tida - noko gjekk sågar enda lenger opp. Vi haldt oss klokeleg på god avstand.
 
Til neste år skal eg læra meg å smørja desse plankane skikkeleg :-)
 
Litt Påskegodt må ein ha ;-)
 
Etter å ha kosa oss både vel og lenge var det på tide å ta fatt på tilbakevegen til Haukeliseter. Dvs. vi gjekk ikkje tilbake same veg som vi kom, men fortsatte løypa vi hadde fulgt. Vi hadde ein anelse om at vi hadde valgt ei løype som gjekk rundt og at vi skulle enda opp på rett plass - og det stemte.
 
Her er bevisa på at vi...
 
...faktisk hadde ski på beina denne dagen :-)
 
Tilbake i bilen fann eg ut at lommeboka mi var bortevekk og blei noko snurten. Så då blei det ikkje noko afterski på Marita - eg surmumla og ville heim. Det kom seg når eg fann att både lommebok og solkrem i eit hemleg rom i sekken når eg endevendte den då eg kom heim.....
 
2. Påskedag blei brukt til å kvila ut etter alle aktivitetane, sitja litt i sola på trappa, sørga for at guten kom seg på båten tilbake til Os og...
 
...tusla rundt i hagen og fotografera litt av alt som blømer :-)
 
Ja, det var Påsken sin det! Håpar alle har hatt det like fint som meg :-)








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)