lørdag 1. mars 2014

Så gjekk turen til Stord......

Den 28 februar fylte Anita 44 år

Dette måtte jo sjølsagt markeres. Marit og eg vart raskt enige om att dette måtte gjeras i Naturbarnas ånd. 

No er det sikkert fleire som lurer på kva bursdagsfeiring, og tur til småbyen Stord har med Naturbarnas blogg å gjera? 

Fellesskap, opplevelse, vennskap, utfordring, artige påfunn, utholdenhet, og ikkje minst å utfordre egne grenser. 

Dessuten krev shopping god planlegging, gode og riktige sko, riktig utstyr i veska, mat som gjev høgt energinivå, og god drikke.
Som de ser er det fleire fellestrekk med tur i fjell, skog og mark. 

Sant skal seiast, verken Marit eller eg er spesielt glad i å shoppe. shopping er ikkje akkurat ein aktiviteten vi ville velje frivillig ein fridag i veka uten at det var eit sterkt behov for nye sko, baderomsutstyr, bursdagsgaver o.l.
Anita har i ei årrekke lokka, lurt og trua oss til å vere med på shopping, uten større lykke.

Men så var det eg som i eit  lite gjennomtenkt øyeblikk sa:
- Du Anita, og eg har litt å lære av Marit når det gjeld å kle seg som   ei dame. 

Dette burde eg sjølvsagt aldri ytra. Dette var jo meint som eit kompliment til Marit, men Anita fortolka det slik at eg meinte ho hadde ein dårlig klesstil, og kledde seg stygt. Noko som eg har fått høyre titt og ofte i ettertid, samstundes som Anita har hinta sterkt om at sidan eg meiner at eg og ho kledde oss så stygt burde eg vera med ho på shopping til Haugesund. 

Så når Marit og eg skulle planlegge Anita sin overraskelse dag, måtte det jo bli shopping. 
Som før alle større turer er det viktig med godt planarbeid, og delegering av ansvarsoppgåver. Hyppige telefonar mellom husa, og planmøte for den siste finishen.

Her er planlegginga vår:

Shoppingtur til Stord. Innleia med champagnefrukost hjå Marit.
Alle skal gå med hatt(her ligg utfordringa, og grensesprenginga), terningkast for klede(inspirert av Jan Thomas), og middag på Stord før heimreis.

Marit:                                     Ann Irene:

- kjøp inn til frukost.              - kjøp champagne
- Hugs hatt                             - Bursdagseffekter
- organiser med henting         - kjøp kort,skriv dikt
   på hurtigbåten                     - ta med terninger(terningkast på klea)
                                               - Hent Anita kl 10.00, og skyss til
                                                  båten.



 Så var vi klare for Anita sin dag. 

Anita trudde vi skulle til Haugesund på shopping, og hadde lite aning om kva Marit og eg hadde planlagt for dagen. 

Fredagkveld ringte vi Anita, og gav beskjed om at ho måtte stå klar i vegen kl 10.00.
Så godt som vi kjenner Anita, veit vi jo at endring i planar ho har lagt for dagen ikkje alltid fell i god jord. Så dette kunne bli svært spennande.  

Anita hadde alt ana uråd når tidspunktet for henting var kl 10.00. Ho var ganske sikker på at dette vart ein tur til Odda, noko ho ikkje på god måte greide skjula var skuffande. Heile vegen til Marit sat ho i baksete å snakka med seg sjølv: Odda er jo ikkje så aller verst. Lite ana ho om kva som var i vente.  
Anita har fått seg "bursdags banner", så no er vi klar for dagen.

Utdeling av gaver og kort

Legg til bildetekst

Skål for Anita, og ein kjekk dag
To nøgde damer på veg til Stord 

Så fine og fjonge med hatter 


Så var damen komme godt i gang med shoppinga

Sjå kor fjong dama vart i ny kjole. Den matcha til og med hatten. 
Ny bukse


Etter fleire timer shopping, var energinivået vårt byrja synka betraktlig. Føter, hofter og ryggar var byrja verka. Konsentrasjons nivået var redusert til eit minimum. Nei no var det på tide å ta seg ein matpause.

Sidan vi ikkje er så godt kjent med restaurantlivet på Stord, fall valget på ein av dei få restaurantene vi faktisk hadde høyrd om "Frugård". Shopping er krevjande. Vi hompa, halta og sjangla oss utmatta fram til restauranten. Her fekk samla energien under ein god lunsj, med god drikke. Koselig avslutting på shoppingturen vår. 



Champagne i glaset etter slitsom shoppingrunde er tingen



I dag var det riktig vår stemning på Stord. 




Så var det tid for oss å vende nasa heim. Anita er blitt fornya i klesvegen frå innerst til ytterst. Nytt undertøy, bukse, strømpebuks, kjole m.m. Det einaste ho ikkje fann var sko og leppestift.

Vi var alle tre enige om at dette hadde vore ein kjekk tur. Til og med Anita måtte innrømme at Stord ikkje var eit så aller verst alternativ til Haugesund.
Samstundes som dei flotte hattane våre hadde gjeve oss mange hyggelige kommentarer og smil i løpe av dagen.....ja ser ein vekk frå utsegn som: Er de eit utdrikkingslag? Er de frå Kvinnherad? Hm, er det så enkelt å sjå at vi er frå Kvinnherad????

Antar at neste tur i bloggen vår blir ein tur ut i naturen :)  







   


1 kommentar:

  1. Do You Seek Funds To Pay Off Credits and Debts? { FIFOCapitals@gmail.com } Is Here To Put A Stop To Your Financial Problems. We Offer All Kinds Of Loan (Personal Loan, Commercial Loan, etc.) We Give Out Loan With An Interest Rate Of 1.00%. Interested Applicants Should Contact Us Via Email: FIFOCapitals@gmail.com

    Please Fill the Application Form Below:
    - Complete Name:
    - Loan Amount Needed:
    - Loan Duration:
    - Purpose Of Loan:
    - City / Country:
    - Telephone:
    - How Did You Hear About Us:

    If You Are Interested To Get A Loan Then Kindly Write Us With The Loan Requirement. Please, Contact Us via email: FIFOCapitals@gmail.com,,,

    SvarSlett

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)