onsdag 16. april 2014

"Ørnipen/Ørnnipen i Herøysundet...

...skal vi gå til i dag,", sendte eg avgårde i ei mld. til Ann Irene igår, "for der har vi ikkje vore tidlegare!"

Men, joda - der hadde jo ho sjølvsagt vore før og gav beskjed om at det var ein VELDIG bratt tur kor ein dingla frå tre til tre når ein skulle ned igjen, men vi kunne no endeleg gå turen.

"Ahum?", tenkte eg. Eg hadde jo lest turomtale om Ørnipen / Ørnnipen her, og den såg jo ikkje så ille ut. Ja, ja, Herøysundingane går no til Ørnipen/Ørnnipen heile tida, så vi måtte no komande levande ifrå det vi og...

Det er heilt greit å ha med seg...

...kart når ein skal ut på tur i ukjent terreng. Og eg hadde jo printa ut dette kartet over turruta og putta i sekken i går, men...
 
 
...det gjekk jo ganske raskt opp for oss at i Herøysundet må det vera KOMPLETT UMOGLEG å gå seg vill anten ein vil eller ikkje!!!! Makan til skilting har vi aldri opplevd før - her var sikkert betre skilta enn i tjukkaste Oslogryta. Alle vegar fører til Rom, heiter det, men det må jammen meg gjelda Nipen og ;-) Eg kunne ikkje ta bilete av alle skilta, det ville blitt reint for mykje...
 
Vi parkerte ved Grendahuset i Bringedalsbygda og la i veg opp skogsvegen derifrå. Ganske bratt det fyrste stykket. Ann Irene peika rett til himmels - der og der skulle vi gå.
 
"Ahum??", tenkte eg. Det står at det skal vera ein 2 timars tur - det kan jo ikkje vera mogleg at vi skal så langt opp??
 
Og allereie ved fyrste vegskilje ana det meg at her var det noko muffens - vi skulle nemleg andre vegen enn det Ann Irene hadde gått tidlegare. Likevel meinte ho stadig av vi skulle...
 
...opp dit!!??
 
"Ahum??", sa eg, "men er ikkje det Nipen då???" Dei kan no ikkje setja ein tur opp dit som ein 2-timars tur???
 
Og det hadde dei sjølvsagt ikkje, for snart måtte Ann Irene og innsjå at ho slett ikkje hadde vore på Ørnipen tidlgare, men på Nipen. Og eg kunne pusta letta ut, for eg hadde slett ikkje sett for meg at eg skulle klatra heilt opp på Nipen denne ettermiddagen :-)
 


Utsikt over Herøysundet i frå skogsvegen vi fylgde.
 
Litt oppover gjekk det på denne turen og. Her har vi forlatt skogsvegen og er på veg til Brakhaug.
 
Dette var ein fin og variert tur slik eg likar det - litt oppover, litt nedover, litt bortover og litt rundt omkring :-) Innimellom fekk vi utsikt utover fjorden og. Men, det må seiast at det såg ut som om stien og skogen hadde hatt besøk av ein tornado i løpet av vintaren....
 

Liten kvil på bordet ved ankomst Brakhaug :-)
 
Her kunne ein og betala inn ein 10,- og få tatt ein selfie i lag med den lokale tiuren. For ordensskuld: Tiuren til høgre på biletet...
 
Då vi nærma oss Ørnipen/Ørnnipen ana det oss at vi kunne få ei flott utsikt over ei flott bygd hvis vi berre gjekk litt utav stien til høgre...
 


...og vi fekk rett! Sjå kor flott oversikt over Uskedalen og med snøkledde Melderskin i bakgrunnen!
 
Herifrå kunne vi eigentleg sjå utruleg langt, og eg trur vi var einige om at utsikta herifrå var betre enn den vi får på Gråskallen, som vi og likar veldig godt.
 
Ann Irene med heimbygda i bakgrunnen :-)
 
Herifrå var det berre ein kjapp gange, så var vi på Ørnipen. Vi var glade for at vi hadde tatt denne vetle avstikkaren, for på Ørnipen såg ein eigentleg ikkje så mykje anna enn fjell og skog.
Så vi tok ein liten pause og...
 
...skreiv oss i boka :-)
 
Herifrå gjekk turen ned til Herøysundet igjen. Stort sett kun nedoverbakke og vi kom ned eit stykke lenger nede enn kor vi stod parkert. Vi fekk difor ein kjapp tur til fots opp Bringedalsbygda som avslutning på turen.
 
Vi var begge einige om at dette var ein fin tur som passa godt som ein ettermiddagstur. Her skal vi heilt sikkert gå fleire ganger :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)