søndag 30. mars 2014

Sol, sol og bare sol

Du vera for ei flott veke vi har hatt. Sol frå skyfri himmel, vårlige temperaturar oppunder 15 grader, og bortimot heilt vindstille.
Ute er både bjørk, påskeliljer og andre planter byrja sprette ut. Det er ikkje bare naturen har "sprunge" ut desse flotte vårdagan, men også folk flest. Uansett kvar du har snudd deg ser du smilande ansikt, folk som kosar seg i hagen, bålbrenning, folk med sekk på ryggen, og ungar som leikar. På facebook er den fyrste "utepilsa" og grillpartye i hagen allereie posta. Klokka er skrudd fram, og vi har fått sommartid. Nydelig. 

Som dei fleste andre har også naturbarna nytt finaværet med turar i skog, fjell og mark. 
Helga har heller ikkje vore eit untak. 

Laurdagen nytta Anita til innkjøring til Haukelirennet som er "årets store skiavent" for gjengen i Vi venene. 
Sjølvsagt slik heilt sikkert alle som seier dei ikkje er så godt trent på ski, og som påpeikar dei knapt har hatt ski på beina dei siste åra vel Anita å gå den "vesle og kjappe" turen Ulvanåsa (Høgetind) som oppvarming og øvingstur før rennet........ 

Anita sin vesle treningstur på Ulvanåso.

Eg derimot kjenner mine eigne begrensingar når det kjem til ski, og valte ein mindre krevjande tur til Såto i Uskedalen. Sjølvsag med tursko på beina.




Uskedalen. Utsikt frå Såto
Utsikt ned Uskedalen og bort til Hauglandsfjellet med Mannsvatn.



Så når meldinga frå Anita tikka inn i dag tidlig(søndag):
- God morgen, og kva er turplanen din i dag? Kjenner låra er slitne, men kan jo ikkje sitje inne ein slik flott dag.
......tok vi avgjersla om å gå ein riktig kosetur til Leiteshaugane, med soling, god niste og bålbrenning som mål var passe i dag.

Her var det fleire som hadde lagt søndagsturen sin i dag. Det var riktig så folksomt i dag.

Den "nye tingen" vi i naturbarna driv med på tur er geocatch..... Per Ivar og Anita i djup konsentrasjon. Det ligg to slike postar her oppe kring vatnet.

Per Ivar kosar seg med snikkerskake laga av Anita.

To nøgde damer kosar seg i sola

kjerring og mann :) med Matrefjorden i bakgrunn

Kan ikkje klage på utsikten vår.
 Vi fann raskt ut at å brenne bål i skogen no var langt frå forsvarlig.  Gras og buskar er knusk tørre. Vi vart enige om å gå attende til vatnet og finne oss ein fin plass det vi kunne tenne bål utan å setje naturen i fare.


Så vart det båll tilslutt

Grillsjefane

Maten smakar best ute i det fri


Så vart det endelig mat.
Pinnebrød, bacon, og pølse er god turmat.
Mette nøgde menn har ein tedens til å soven kor da så måtte være.....



 Etter kvart vart det riktig så sosialt kring bålet. Til samans vart det 9stk som grilla og kosa oss ved bålet her ved Fjellansbøvatn i dag






Ein flott tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)