lørdag 8. mars 2014

I dag tok vi årets fyrste tur til....

.... Låganåso.

I går haldt vi på å regna vekk, men når veret viste seg frå ei anna sida i dag, var det berre til å få på seg turkleda igjen :-) I dag fann vi ut at vi måtte testa vinterformen med å ta årets fyrste tur til Låganåso.

Ein som var skikkeleg glad for å koma seg ut på tur igjen var:

Frikken! Han var høgt og lågt, fram og tilbake  - var omtrent som å sjå ein kalv sleppa ut på beite for fyrste gang :-)
 

Kjente det var ei stund sidan forrige fjelltur, men det gjekk likevel rimeleg greit oppover. Ann Irene påstår eg er i myyyyyykje betre form enn tidlegare, eg vel å tru ho på det ;-)  Det var fin temperatur å gå tur i i dag, men då vi nærma oss toppen bles det surt og vi merka at det ikkje heilt er vår enda.

Utsikt mot Geitedalstind - dit opp skulle vi ikkje i dag, men kanskje til sommaren?
 
Godt å vera godt kledd her oppe i dag...
 
.....vi skreiv oss i boka og tusla litt nedover igjen for å...
 
.....å kosa oss litt med god mat og drikke. Medan eg kun hadde tatt med litt solbærtoddy og firkløversjokolade idag, hadde Ann Irene slått til med å pakka eggerøre og fenalår i sekken sin. Heldigvis hadde ho tenkt på meg og :-)
 
Ellers så har eg sjeldan følt meg meir snedden på tur enn i dag. Eg hadde nemleg vore på handletur til Rosendal før vi skulle til fjells. Der kjøpte eg hverken nye sko, jakke, bukse - ja, ingen nye turklede i det heile tatt, men likevel følte eg meg nesten som eit lite stilikon i dag. For på Rosendal Bokhandel fann eg noko eg berre MÅTTE ha:
 


TURØYREDOBBAR!! Kjem nok innunder ting ein ikkje anar at ein treng før ein ser det ;-)
 
Begge to var godt nøgde med turen i dag - godt å vera ute i frisk luft igjen! Og så heldige vi var med veret - var nesten ikkje kome inn døra heime før griseveret slo til for fullt igjen...
 

 
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)