tirsdag 11. mars 2014

Fina veret i dag og eg var fast bestemt på at i dag...

... i dag SKULLE bilen vaskast! Basta! Eg skulle ikkje eingong køyra han i ein vaskehall - eg skulle kjøpa utstyr og vaska den for hand - i solskin - medan eg plystra muntert ein liten, lystig melodi - "Alle fugler små de er, kommet nå tilbake. Gjøk og sisik, trost og stær synger alle dage. Lerka jubler høyt i sky, ringer våren inn på ny. Frost og sne de måtte fly." etc. etc.

Men etter som klokka gjekk og det nærma seg slutten på arbeidsdagen - og byrjinga på bilvasken - byrja eg å tenka på at det kanskje var FOR fint ver til ein slik syssel i dag? For å sjekka sendte eg ei mld. til Ann Irene: " I dag er det veldig fint ver ute..." Og fekk prompte til svar at det var det og om eg kunne tenkt meg på tur etter jobb?" Ahh - saved by the bell! Eg tenkte meg om eit halvt sekund før eg svarte at ikkje berre kunne et tenkt meg på tur - eg foreslo til og med at vi skulle ta middagen i det fri!

Og slik gjekk det til at vi møttes oppi dalen kl. 16.30 for å traska opp Ståle sin veg til Storhaug.

Dei har jobba mykje her sidan sist vi var her..
 

Får god utsikt utover dalen no :-)
 
 Var fint andre vegen og i dag :-)
 
Eg trur Ann Irene trekk tilbake alt skrytet om formen min frå forrige tur i dag - eg spant ikkje akkurat oppover lia ;-)
  
 Men omsider kom eg meg opp, eg og.


Og jammen var det flott på fjellet i dag!
 
Og her skulle vi altså diska opp med middag i dag. Utav sekkane kom det både kokeutstyr, tomatsuppepose, vatn, pasta og hardkokte egg :-) Og så var det berre til å starte kokkeleringa ;-)

 
 
Og jammen smaka det godt med nykokt tomatsuppe på fjellet! No er vi blitt så proffe (tok 5 min. å finna ut korleis vi skulle setja saman kokeapparatet...) at vi snart kan overleva i i villmarka i opptil fleire dagar om det skulle bli naudsynt....
 
Så sat vi der og åt tomatsuppa vår, såg på solnedgangen og fraus nesten fingrane av oss fordi vi begge trudde sommaren var komen, men fann ut at det IKKJE var tilfelle...
 
Ann Irene i solnedgang :-)
 
Flott utsikt mot Ulvanåso hadde vi og.
 
Vakkert!
 
Men det blei altså ganske kaldt på fjellet etterkvart og då var det på tide å gå ned igjen. Og solnedgangen blei ikkje mindre fin no i skumringa.
 
På veg ned i frå fjellet.
 
Her synes eg det ser ut som om Ann Irene har fotografert ut eit togvindauga, men eg kan gå godt for at ho gjekk ned på beina heile vegen ;-)
 
Uskedalen by night - vart ganske mørkt før vi kom oss heilt ned.
 
Ja, dette var ein fin tur - mykje kjekkare enn å vaska bil :-)
 
 

 

 


 
 
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)