lørdag 22. mars 2014

Tur til Fagerdalen i nydlig vårvær.......

..........Slik skulle overskrifta på dagens tur egentlig vert.

Anita var opp i Fagerdalen i haust med ein sekk ved som var tiltenkt tur i regi av Vi venene. Sidan vi har hatt svært stabilt vær med regn og vind kvar gong Vi venene har tenkt oss på tur er dette blitt skrinlagt.

Så¨no var dagen, og tida inne for at vi skulle gå oss ein tur opp i Fagerdalen. Ha med god niste, brenne bål og virkelig kose oss ute i den flotte vårdagen.
Dagen byrja flott. Sola titta litt igjennom, det var opplett og det teikna til å bli ein fantastisk flott dag i skog og fjell. Vi avtalte å møtast på Eik kl 12.45

Jommen sa eg smør..... litt før 12.00 tikka det inn ein melding på telefonen min frå Anita:
-Synes eg ser dråpar på vindauga....
Anita hadde heilt rett, det var jammen byrja å regne og blese igjen. Vi vart enige om å trosse regnet, og gå likevel. Niste droppa vi.

Eg var nok litt tidlig ute i dag. Parkerte på Eik og gjekk ut av bilen med hunden. Han var klar for tur og  hadde ikkje tid til å sitte i bilen og vente. Vi gjekk litt opp i bakkane slik at han skulle få springe litt og snuse, medan vi venta på Anita. Ikkje lenge etter kom Anita. Eg såg ho parkerte bilen, og venta at ho skulle komme ut, og byrja gå mot oss......men det lakka og lei utan at ho kom ut av bilen. Kva i alle dagar var det ho dreiv med? Sat ho å venta på at det skulle slutte å regne? Tilslutt fann eg ut at eg måtte ringe og høyre kva i alle dagar ho dreiv med.
Anita tok telefonen, og eg spør:
- kva er det du driv med? Ventar du på opplett? Eg står her oppe i bakken og ventar på deg.
Anita:
- Er du kommen? Jammen det er jo ikkje din bil som står her?
Eg:
- du står jo parkert ved sida av min bil,er du byrja bli rutlette? 
Anita:
- Har du kjøpt deg ny bil? 
Eg:
- NEI, Du ser vel at det er min bil, eg har jo hatt den samme i mange år
Anita:
- Den ser jo heilt ny ut denne som står her. Blank i lakken, og strøken både inni og utenpå.
Eg:
- Eg har bare vaska bilen! 

Så måtte vi jo le litt då. Slik er det når ein ikkje er så flink til å vaske bilen. Det positive er jo at alle trur ein har kjøpt sen ny bil, når bilen faktisk blir vaska :)
Frikken bryr seg ikkje mykje om at det er regn, vind, sludd og snø. Tur er gøy

Vått, regn, snø og vind

Grått og guffe på Skarvane i dag
Selfie....


Det var to svært våte damer som kom ned frå tur til Skarvane i dag. Turen var det vi kan kalla særskilt frisk. Ironisk nok kom sola ein liten time etter at vi var komme i hus.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)