søndag 4. mai 2014

Kunst og natur...


..stod på programmet i dag!

Ja, for hvis ein tar turen opp skogsvegen til Mannsvatn/Tverrfjell i Uskedalen, Pålavegen som vi kallar den, så får ein med seg begge deler. Frå før av har Gaute Haugland utsmykka eit par steiner langs vegen, men no er det kome mange fleire fargeklattar til :-)

(NB! Eg bør kanskje åtvara om at ikkje alle vil lika det siste biletet i dette innlegget....)

Skiltet i andre sving på skogsvegen visar korhen ein er på veg.
 
Det var ikkje vanskeleg å få auga på dette kunstverket på lang avstand :-)
 
Eg traff på både "troll" og "kjærestar" langs vegen i dag :-)
 
Her kvapp eg litt til og lurte ein augneblink på om det var satt opp eit speil i vegkanten....
 
Han her kjenner vi frå før - han har allereie vore her nokre år.
 
Eit nytt blikk på Ulvanåso :-)
 
 
 
Det var nokon som kikka fram både her og der i dag...
 
....oppetter lia.
 
Og øverst står denne karen og tar i mot deg - han har og allereie stått her nokre år no.
 
Ja, det var dei kunstverka eg fann i dag, så no har eg fått litt kulturelt påfyll :-) Kan henda det finnes fleire kunstverk eg har gått glipp av då eg for det meste gjekk med nasen ratt fram, haldt eit skarpt blikk retta framfor meg og steig høge skritt då eg var nervøs for å treffa på dei som er ute å kryp i sola for tida. Utan at det hjalp nevneverdig..
 
...for denne karen låg midt i vegen og eg såg han ikkje før eg omtrent sparka borti han. Men då skal eg seia at A. Enæs satte ny rekord i høgdehopp i nedoverbakke utan ul (merkeleg nok)!!! Biletet lyg - dette var ein liten fysakk som eg har zooma kraftig inn og eg har ein mistanke om at han gjer seg til for fotografen og har åla seg inn i rett vinkel i forhold til lyset slik at vi skal sjå han - for då eg kom gåande gjekk han i ett med grusen i fargen!! Eigentleg var han ganskje fin...
 
No hadde eg mest lyst å koma meg ned til bilen fortast mogleg, men de gjekk seinare enn nokon gong iom at eg måtte stoppa for kvart tiande steg og sjå godt framfor meg, til begge sider og nesten litt bakover igjen om det var trygt å gå...
 
Eg stemmer herved for at ormen no må bli utstyrt med refleksveks slik at han blir godt synleg!!! Han er tross alt freda og eg er redd for at at når han ligg slik godt kamuflert i vegen så kan nokon i vanvare koma til å køyra over den, spidda den meg turstaven sin, velta ein 20kg stein over den, drukna den i vannflaska si, brenna den i hel med gassbrennaren sin, kutta han opp i småbitar med ein samekniv.... Ja, det er uante moglegheiter for korleis ein i vanvare kan koma til å ta livet av ein freda orm utan refleksvest på....

 
 
Men sånn ellers ja, så var det ein fin tur i dag og :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)