søndag 25. mai 2014

Flott utehelg har dette...

...vore :-)

Har vore litt stille på Naturbloggen i mai, det skuldast litt sjukdom + at dei fleste turane har begrensa seg til små trimturar i Eikedalen, Pålavegen og til Låganåso - og vi kan jo ikkje skriva lange avhandlingar om alle desse turane ;-)

Men no trur eg kanskje vi er i gang igjen. I går var planen å gå inn Eikedalen for å sjekka korleis det såg ut i Skaret og evt. ta turen til Eikehytta. Sidan eg var raskast ferdig med handlinga i går, skulle eg gå i forvegen. Tok meg difor god tid oppover - tok litt bileter og sånn..

Dåke trur kanskje det berre er Odda som har Trolltunga??? Neida - vi har ei langs Eikeelva og :-) Får prøva å få tatt eit spektakulært bilete her ein anna gong ;-)
 
Her har eg kome meg på toppen av Eikedalen. Stod litt å kikka og såg om det kom nokon etter meg, men skimta ingen... Men sjå kor mykje anna ein ser herifrå!
 
Her har eg gjort meg ferdig med klatreetappen og har berre siste stykke inn Fagerdalen igjen.
 
Og her har eg kome meg inn til Skaret (eg står med ryggen til det).
 
Framleis skimta eg ingen på stien etter meg, så då antok eg at eg var aleina i den store, vide verda på tur denne dagen :-)
 

Skaret er framleis dekka av snø. Litt usikker på om folk går på snøen heile vegen opp eller om dei delvis klyv opp på høgresida??? Satsar på at Ann Irene kan fortelja oss det i eit innlegg ;-) Okkesom, her hadde Snubleguri absolutt ikkje tenkt å streva seg opp aleina denne dagen - må jo tenkja på at ein skal ned att og....
 
Hadde meg ei lita nistepause her før eg la i veg på heimattevegen.
 
Mobilkameraet klarer ikkje heilt dette her med å ta skikkelege panoramabileter når det er både mørke og lyse felt - men blir jo litt stilig når ein leikar seg med kontrastar og fargar...
 
 
Gårrsdagen blei avslutta med venebesøk og grilling på kaikanten :-)
 
I dag skulle beina få kvila og armane til pers - utflukta i dag var årets fyrste kanotur. Vi lempa kanoane på bilen og køyrte til båthuset ved Opsangersvatnet. Så padla vi i veg...
 
Ganske idyllisk.
 
Eg har aldri vore på Opsangersvatnet før, og ting ser litt annaleis ut når ein kjem utpå vatnet. Eg visste f.eks. ikkje at det var så mykje som "hang saman" og var landfast - ergo er det litt færre øyar i Opsangersvatnet enn eg har innbilla meg..
 
Her som vi nesten er komen nedanfor Kvinnherad Vdg. skule f.eks. var eg no sikker på at det måtte vera eit hol og koma seg i gjennom på venstre sida ein plass, men nei, her var berre ei stor bukt. Det var lett å padla inn her, men dæven så eg sleit andre vegen. Trur kanskje eg må pussa litt støv av kettelbells'ane mine og ta dei i bruk igjen etter gamalt....
 
På veg tilbake ankra vi opp på Jonas Lie holmen. Vi antar i allefall at vi traff rett holme, lokal kunnskapane vår om Opsangersvatnet må vi vedgå er litt rustne..
 
Fin utsikt mot Husnes herifrå.
 
Utsikt mot Manen - kanskje det sat nokon å kikka på oss der oppe??? ;-)
 
Litt lunsj og påfyll av energi må sjølvsagt til når ein er på tur :-) (Ølboksane som ligg igjen er for øvrig ikkje våres - sjølv om vi i etterpå klokskapensnavn burde tatt dei med og fjerna dei...)
 
Så etter ei god pause og mat på Jonas Lie holmen pakka vi saman, satt oss opp i kanoane igjen og...
 
...padla tilbake til start :-)
 
Det var ein flott tur! Opsangersvatnet er jo og så stort at vi enda har meir å utforska her. Neste gang skal vi parkera i Podlen og padla mot Husnes. Det trur eg og vil bli ein flott tur :-)
 
Hvis andre veit om fleire fine plassar som passar til kanopadling tar eg gjerne i mot tips :-)
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)