lørdag 9. mai 2015

To floger i ein smekk...

...fekk vi til i dag :-)

Eit og anna år får eg det for meg at i år, ja, i år skal eg slå til med ein blomsterpryd ingen har sett makan til! Eg har ikkje berre grøne fingrar - heile meg er grøn! Og eit slikt år ser det ut som om det skal bli i år. Og når eg får dette over meg er det sjølvsagt ikkje roser og tulipaner det går i - nei, eg må sjølvsagt starta prosjekter eg innerst inne veit kjem til å gå dundrande ad dundas...

Det byrja for nokre vekre sidan - eg stod med ein avocadostein i handa og tenkte at "denne må det vel gå an å gjera noko med?". Så eg entra Youtube og vips så hadde avocadosteinen fått både vatn og tannpirkarar i sida... Og når eg fyrst var i gang - kvifor ikkje prøva å planta eit limetre?? Etter å ha kjøpt kilovis med lime og drukke litervis med heimelaga limejuice (det er faktisk veldig godt når du blandar med appelsin, sitron, epler og ananas), kor eg framleis ikkje hadde funnet ein lime med stein i, tok eg til takke med sitronsteinar... Inn på Youtube igjen og vips så låg sitronsteinane tulla inn i kjøkenpapir i ein lukka pose...

Eg hadde heilt gløymt at det var eit limetre eg ville planta då det - yohoo - brått ein dag seinare dukka opp ein lime med steinar! Då var det fram med kjøkenpapir og pose igjen, så no ligg desse i pose medan eg ventar på at dei skal spira :-)

Avocadosteinen skjøna eg fort at ikkje kom til å bli noko av - eg hadde nok vore uheldig og øydelagt den med kniv allereie då eg opna avocadoen. Men då eg les i avisa i går at avocadoen er utryddingstrua pga tørken i California tenkte eg at her må Anita trø til og redda avocadoen - så då var det heim og "planta" to steiner til. Eg kjem heilt sikkert til å ta knekken på dei på ein eller anna måte, men mangel på vatn kjem det i allefall ikkje til å vera...

Så no har eg eit heila prosjekt gåande i kjøkenvindauga:

Avocado- /sitron- og...
 
....limetreprosjekt :-)
 
Men eg gjer meg jo ikkje med dette - no har dei grøne fingrane fått bein å gå på... Så når Ann Irene ville på tur i dag - riktig nok til Bremstølen eller noko slikt - fekk eg vridd ho over på ein tur til gartneriet i Rosendal fyrst og så tur inn til Myrdalsvatnet. Og slik blei det - der av overskrifta to floger i ein smekk, om nokon skulle lura..
 
Nøgd og glad med blomsterjord, jordbærplanter og diverse i bilen, køyrte vi til Klette for å gå tur inn til Myrdalsvatnet.
 
Vi valgte den lysegrøne løypa i dag og :-)
 
Det er veldig greit med slike påminningsskilt langs turvegane. Ann Irene såg på skiltet, så såg ho på meg, og til slutt forsvann ho i ein rasande fart...
 
...nedover vegen att mot bilen.
 
Så der stod eg då, einsam og forlatt og kikka på dyrelivet rundt meg medan...
 
...eg venta på at Ann Irene skulle dukka opp att. Og det gjorde ho - denne gang med hund! Frikken var veldig glad og nøgd over endeleg å ha fått sleppa utav bilen ;-)
 
Det er heldigvis framleis mykje...

...snø på Melderskin, slik at eg slepp finna på all slags moglege orsaker for ikkje å gå opp der...
 
Det er veldig fint å gå inn til Myrdalsvatnet. Fin grusveg heile vegen, litt ope landskap og litt skog, litt oppover, men mest innover og ikkje særleg krevande. Men det er eit stykke å gå, så det kan bli litt langdrygt kanskje..
 


Men når ein kjem inn så er det jo riktig så...

...idyllisk.

Ann Irene og Frikken har nådd Myrdalsvatnet.

Myrdalsvatnet - Gygrastol midt i mot. Det er jo og eit turmål som framleis står på lista vår :-)

Riktig så vakkert :-)



Her går vel nausta bokstaveleg tala....

....i eit med naturen.
 
Vi hadde ei lita nistepause ved vatnet. Men det er ikkje heilt sommar enda, så det gjekk ikkje så lange stunda før det byrja bli litt kaldt å sitja i ro og då var det på tide å byrja på tilbakevegen.
 



Både på opp og ned...

...må ein gå forbi denne fine stølsplassen.

Marit, som starta turen ei stund etter oss, nådde nesten inn til Myrdalsvatnet før ho tok oss igjen.
 
Vi måtte la ho få ein liten pause på tilbakevegen og :-)
 
På veg opp hadde vi lagt merke til den fantastisk flotte blomsterenga ved Alvsgården. Her måtte vi beint fram stoppa på veg heim og fotografera litt:

Malmangenuten.

Alvsgården.

Fantastisk...

...blomstereng :-)

Ja, det blei ein fin tur i dag, med ein fin avslutning. Vi kan vel anbefala folk både turen til gartneriet og til Myrdalsvatnet :-)



 


1 kommentar:

  1. Jeg vil dele med dere alle her om hvordan jeg får lånet mitt fra Herr Benjamin som hjalp meg med et lån på 400 000,00 euro for å forbedre virksomheten min. Det var lett og raskt når jeg søkte om lånet når ting ble grovt med virksomheten min. Benjamin gir meg lån uten forsinkelse. her er Mr Benjamin e-post / whatsapp-kontakt: +1 989-394-3740, lfdsloans@outlook.com.

    SvarSlett

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)