fredag 1. mai 2015

Fredag 1 Mai, litt skyer, sol og klar for tur

Aktiviteten på Naturbarnas turblogg har ikkje vore av den aller største den siste tida..... her kunne eg tydd til ei kvit løgn og hevda at det kun skuldast at vi ikkje har hatt tid til å skrive blogg innlegg, og at vi damene sjølvsagt har gått plenty med turar saman. 
Er vel best å innrømme at det ikkje har blitt så veldig mange turar saman etter jul, men dei turane vi har hatt har vi levd godt på i lange tider. Kvar tur har vi avslutta med at det ikkje skal bli lenge til vi tek neste tur saman. Det har likevel vist seg at å samle alle tre damene kan vera vanskelig. Tre damer med travle kvardagar, og mange jern i ilden. Vi har erfart at det ikkje er like lett å få samkøyrd fritida vår alle tre.  Det betyr ikkje at vi ikkje har gått turar kvar for oss,eller bare to av oss, eller saman med andre,  både på beina, på truger og på ski. 

Så når fyrste mai arbeidsfolket sin dag sto for døra, og yr.no lova opplett, 8 plussgrader, litt skyer og sol var eg rask med å sende melding til Anita og Marit:
Hei damer. I morgon er det 1 mai, og sol frå kl 12.00 og utover. skulle vi nytta dagen til tur til t,d, Vardhaugselet? Eller eit anna turmål? 

Eg hadde sjølvsagt gløymd at Marit hadde ein avtale, men Anita var klar til tur. Anita har og ei spreke kusine som aldri hadde gått til Vardhaugselet før. Så når kusine Lene ville vera med oss på tur, syntes vi det var kjempe koselig og kjekt. 
Vi avtalte å møtast ved søstreheimen på Valen kl 10.30.

Fredag morgon starta med skyer og regn. I sekken vart det pakka regnklede, varme klede, niste, drikke og rett i koppen. Var ikkje akkurat dette været eg hadde tenkt meg på turen, men yr hadde lova sol utover dagen. For ein gangsskuld holdt yr ord. Då eg parkerte bilen ved søsterheimen var sola kikka fram innimellom skyene, og regnet var vekk. 
Vi hadde ein hyggelig tur opp til Oldreboten, vårt fyrste stopp på vegen. Praten gjekk lett, i motsetning til beina mine. Skal seie føtene mine var tunge opp lia. Eg var glad for at eg hadde valgt ein lett tur å gå.
Det var på høg tid å komma seg ut i terrenget å bevege kroppen. Etter ei travel veke, med lite mosjon gjorde dette godt, og var tydeligvis heilt nødvendig for ein kontorkropp. Eg lova meg sjølv på veg opp lia at no var det på høg tid å ta opp igjen gode tur- rutiner. Det var nok Frikken (hunden min) og enig i. Han hoppa og spratt i rein glede over at endelig fekk han seg ein skikkelig tur opp på fjellet, istaden for asfalt- traving. 

 
utsikt frå Olderbotn

Frikken tek seg ein kvil i bakken ved Olderbotn hytta
Damene i fin driv inn på fjellet
Ein kort drikkestopp på Olderbotn, så la vi i veg vidare opp lia. Ikkje lenge etter opna fjellet seg framføre oss. Nydelig. Samstundes bestemte sola seg for å vinne kampen med skyene på himmelen. Likevel var det ein kald trekk i lufta. Men absolutt vakkert: 

Vegskilje. Fyrst til Vardhaugselet, etterpå Nordfjell 

Flott utsikt på veg opp


 Vel framme ved Vardhaugselet blåste det godt, og meir kle var heilt naudsynt. Niste pausen vår vart veldig kort. Her var det alt for kaldt å sitje i ro, sjølv med sola framme.

Frikken kosar seg i snøen

Damene har nistepause ved Vardhaugselet

Flott utsikt, men iskald vind

Utsikt mot Manen

Etter ein kort matpause gjekk vegen mot Nordfjell

Varden på Nordfjell. Fantastisk utsikt mot Halsnøy, Stord,......

.....Husnes

....mot Vardhaug og Vardhaugselet
innover Hardangerfjorden og Onarheimslio.....
Husnes og Sunde 
Ei Sporty Anita på Nordfjell




Godt merka turløyper

Etter stoppet på Nordfjell, med fotografering og namneskriving i boka, bar vegen ned frå fjellet. Vi var enige om at dette hadde vore ein flott tur trass i kald vind. Ein tur å anbefale alle!

 Turplanane for resten av helga er lagt, og eg ser fram til nokre fleire fine turar før helga er omme.


Blogg skrivaren denne gongen ;) 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)