søndag 23. februar 2014

Grått, vind og veldig vått, men likevel fantastisk flott

Det finnes ikkje dårlig vær, berre dårlige kle......

.........med det mottoet dukka min kjære datter opp hjå meg kl 12.00. 

Som de sikkert alt har registrert har naturbarnet Anita tilbrakt dagen klokt med strikketøy, og tv medan ho kikka ut på ruskeværet, og drøymde seg attende til tidligere turer, og trurer vi skal ta i naturbarnas ånd. 

Eg derimot kikka ut vindauga å prøvde å overbevise min kjære datter Malin om at å gå tur til fjells i dag,ville være det same som å prøve å drukne seg sjølve, og at det var mykje truleg vi ville måtte slåss med laks og ørret om stien. Yr.no sin lovnad om flaum, regn og vind kunne ikkje overtyda Malin om at dette var ein lite lur ide..... 

Eg fekk tørt til svar: Det finnes ikkje dårlig vær, berre dårlige kle, det har du alltid sagt til meg. Dessuten ser det verre ut når du står inne og kikkar ut. Det var då nesten like gale vær i går når du gjekk opp Eikedalen til Skarvane. Nei få på deg kle og bli med! 

Ja , ja, og sånn vart det. Ho mor måtte fint finne fram turkle og komme seg ut på tur. 

Å du som det regna og blåste. Vi bestemte oss for å legge turen vår til Bremstølen. Ein passe lang tur, på ein regnfull søndag. 















Vi var ikkje komme langt før vi måtte konkludere med at vi begge hadde hatt rett. Været var faktisk ikkje så ille når vi fyrst var komme oss ut, det var faktisk ganske deilig, friskt og godt.
Stien var veldig våt, den minna mest av alt om ei lita elv. Hadde vi gått oss på ein laks, eller ørret og to hadde det ikkje vore underlig i det heile.





 Halvvegs oppe i lia traff vi på denne rota som minna sterk om ei stor bille:






To og firbeinte hadde hatt ein flott tur opp til Bremstølen:





  Is, snø og regn har gjort elva ved Bremstølen stor og brusende

                                                  Utsikten frå Bremstølen i dag, mot Husnes





Små perler i skogen er å finne rundt kvar busk. Vatn, lyng og busker i nydelig harmoni:  

Eg må oppsummere med at dette vart ein nydelig flott tur.
Malin hadde heilt rett. Det finnes ikkje dårlig vær, berre dårlige kle! 


                                                    Naturen vår er fascinerende, og mektig. 

  
  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)