søndag 23. februar 2014

I dag er det skitver ute...

...rett og slett - og det fristar ikkje mykje å gå på tur. I tillegg er OL over, meir eller minder, så kva skal ein finna på no????

Eg har registrert at "alle" har hive seg på å hekla OL-hua, og eg må vedgå at eg synes den er fin, eg. Men eg kan jo ikkje hekla....

Så eg tok ein runde i tølene mine for å sjå om det var noko der eg kunne henga fingrane i. Og eg må seia eg klødde meg litt i houvudet når eg fann dette:

Kva er det er har byrja på her???? Ein firkanta, rosa, klut???
 
Så slo det meg brått - det er jo ein TELTTØFFEL!! Jammen har eg forsømte meg og gløymt å strikka ferdig TELTTØFFLANE mine! No har ikkje vi vore på så veldig mange teltturar enda, faktisk berre ein...
 
 
 
 ...og då hadde vi det gysla artig og planla at teltturar, ja, telturar skulle det bli maaaaaange av framover! Dette var høsten 2012....og vi har framleis berre vore på den eine turen....
 
Men vi planlegg framleis å ta ut på fleire teltturar. Og når det skjer så skal det altså ikkje stå på utstyret - blandt anna telttøfflar :-) Dei andre naturbarna fekk jo sine utlevert allereie...
 
...under ein Påsketur i fjor ...
  
Så no får eg berre hiva meg rundt å strikka ferdig mine eg og slik at eg i allefall er klar når vi, forhåpentlegvis, om ikkje så lenge skal koma oss avgårde på telttur igjen. Som sagt, det skal i allefall ikkje stå på utstyret - vi investerte jo til og med i nytt telt i fjor:
 
 
 ....foreløpig kun slått opp ein gang...i hagen til Ann Irene...
 
Eg kjenner at eg gledar meg allereie - kjekt å ha noko å sjå fram til når det regnar og bles ute :-) 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)