onsdag 19. mars 2014

Regn, vind og atter regn......

Skulle tru det snart måtte bli tomt for vatn i skyene, og vinden snart ville blesa frå seg. Kan ikkje seia vi har hatt mykje til vinter med snødekte vidder.

Det heiter at det ikkje finnes dårlig vær, kun dårlige kle......men når været er så ekstremt at verken Bergans, eller regnklede som skal tåle umåtlige mengder vatn held vatne ute, er stasen med tur i skog, fjell og mark byrja bli redusert til det minimale. Det freistar liksom ikkje like mykje å finne fram turklede etter arbeidstid når det fosser ned frå himmelen og vinden rasar rundt husnåva.
Så i dag vart vart valget sofabenken, og mimring over flotte turar vi har hatt i skog og fjell.

No gledar eg meg til vår og sommar, med lange lyse kveldar.

Medan vi ventar på bedre vær, og lysare tider kan jo eg dele ein av dei flotte turane Anita og eg har hatt saman i Uskedalen sin flotte fjellheim.

I Uskedalen har vi mange fine turmål, men ein av dei aller flottaste turane ein kan gå her i bygda er nok til Ulvenåsa og Geitedalstind.

Ulvenåsa med Geitedalstind ligg majestetisk og lokka til flotte turar.

Fyrste stopp Lågenåsa


På veg opp kom regnet, men det er jo ikkje problem når det finnes så mange flotte krypinn :) 

Anita på veg opp siste kneika. Bratt, luftig og nydelig utsikt

Varden på Geitedalstind, med utsikt til Mannsvatn

Utsikt mot Høgetind. Ulvenåsa eit flott alpint fjell

Ei svært nøgd Anita som nådde toppen




Flott utsikt mot Mannsvatn, Hauglandsfjellet og Solfjell


Kaffien er alltid best på fjellet

Klar for returen. Luftig og fantastisk


No nærmar vi oss Lågenåsa

Lågenåsa med utsikt over Uskedal. Snart er vi nede til Kalkstasjonen.


No gledar eg meg bare til sommar og nye turar til Geitedalstind.

Ein tur eg på det sterkaste vil anbefale :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)