søndag 25. mai 2014

Hildrande meg du, for nokre flotte mai dagar vi har hatt

Mai har stort sett vore strålande. Sommaren kom over natta, med grøne lier, varme og flotte solnedganger. Samstundes som mai dagane var på det finaste, greide eg å få feber, forkjølelse, hoste m.m. 14 dagar redusert, utan verken energi eller form til å nyta desse flotte dagane kikka eg gjennom vindauga og nesten håpa det skulle regne........ Eg kunne tydlig høyra fjellet kalla ;)

Så når formen var sånn nokolunde på plass sist helg, og sola stråla frå skyfri himmel var vegen til fjellskoa kort.
Sidan kroppen hadde vore i null fysisk aktivitet på 14 dagar, og forkjølelsen og hosten liksom ikkje heilt hadde slept taket vart valget Husnesfjella.
Husnesfjella med sine turmål er godt egna for alle, uansett kondis eller fjellform. Lett og fint terreng, med nydelig natur.
Turen starta ved Hellandsbrua og opp langs mastene. Bratt stigning, men så er ein kjapt oppe på fjellet. 45 -50 minutter vanlig gange så er ein på Nordfjell, med flott utsikt over Husnes.
Nordefjell med utsikt til Husnes
 Vidare gjekk vegen over Svanheiane, mot Vardhaugselet. Flott flatt terreng.

Svanheia
Etter ei stund kjem ein til Vardhaugselet, som er restaurert og oppen for alle. Her er det verkelig flott
Vardhaugselet
 Bak Vardhaugselet ligg Vardhaug. Det tek ca 15 minutt opp hit. Bratt, men ein blir lønna med flott utsikt
Vardhaug
Frå Vardhaug gjekk vegen vidare til Mjelkhaug. Fint og flatt terreng heilt inn til "foten" av Mjelkhaug. Så kjem stigninga, men den er lagt fint inn i terrenget, å går ikkje bratt på opp.
På veg opp lia mot Mjelkhaug

På Mjelkhaug

Her er det flott utsikt. På dette bilde ser ein Manen, med Svartavatn i det fjerne. 

Her er det berre til å velje. Eg valgte å gå mot Bremstølen og Husnes på veg ned.


På veg ned frå Mjelkhaug får ein fin utsikt over Bremstølen

I Onarheimslio ligg denne stølen.




Nesten nede ved bilen. 

Ein flott tur, som eg kan på det varmaste anbefale for alle. Eg brukte 4 timar på turen, inkludert kaffipauser og fotografering. Eg trur det harmonerer godt med turomtalen for denne turen. 

TUR TIL MANEN:

Så når denne helga kom med nydelig vær hadde eg bestemt meg for å gå til Melderskin. Problemet var at INGEN ville vera med meg å gå til Melderskin. Naturbarna Anita og Marit valgte å padle rundt på Husnesvatne i staden. Bror min tilbydde seg å gå saman med meg, men eg takka klokt nei. Å gå tur i hans verden er det vi andre kallar å trene. Eg hadde ingen planar om å springe opp til Melderskin.   
Sidan eg faktisk aldri har vore på Melderskin før, synes eg det hadde vore kjekt å GÅ saman med nokon den fyrste gongen.  Så med lovnad frå den den yngre garden om å være anstand for "gamle mor" til Melderskin når dei kjem heim på sommarferie, slo eg meg til ro med dette, og bestemte meg for å heller å ta ein tur på kjente stiar. 

Valget vart Eikedalen, Svartevatn og Manen. Det angra eg ikkje på. For ein flott dag. Sol, vindstille, varmt og heilt fantastisk nydelig på fjellet i dag. Som eg har kosa meg.  Kaffekanna er blitt hyppig nytta på kvar ein stein oppover lia. Soling og golåte. 

Ville og trolske Fagerdalen

Valgets kvaler? I dag var valget Manen

Flott på fjellet. Vinteren har ikkje heilt slept taket

På veg opp til Manen har ein fin utsikt over Svartevatn 

Bakkabø. Her deler stiane seg, og varden på Manen er innan rekkevidde.

Varden på Manen

Vidstrakt utsikt alle vegar.

Utsikt mot Englefjell

Utsikt ned mot Uskedalen

Vakkert 
Vel nede til bilen etter 4 timar med rein kos, var eg svært nøgd. Bare kos frå byrjing til slutt. Verkelig ein tur å anbefale. Flott og variert natur. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)