onsdag 28. mai 2014

Med maling, vatn, malarkost, jakke, skrujern, kaffe og pikekyss i sekken gjekk turen til fjells.

Sant nok kunne ein tilfeldig utenforståande byrja å undre seg dersom han/ho hadde observert meg pakke fjellsekken etter arbeidstid tysdag ettermiddag.
Sidan det var ein varm og solrik dag med 23 varmegrader i skuggen, og vindstille kunne ein muligens skulda på solstikk, men denne gongen var det ikkje solstikk som var grunnlaget for det merklige innhaldet i fjellsekken.
Historia starta attende til ein fin ettermiddagstur til Storhaug. Anita og eg hadde teke ei avgjersle på at dette var ein nydelig vårdag som måtte nytes til det fulle. Vi fann ut at middagen på fjeller måtte vera tingen. I skumringstimen på fjellet, medan vi sat å gomla i oss tomatsuppe med makaroni, og eg kom det springende ein av Uskedalen sine spreke menn over vidda.
Han stogga, og vi fekk spørsmålet om vi kunne tenkja oss å vera med i Uskedalen si trugruppe. Vi var ikkje seine i avtrekkaren, og svara ja på ståande fjellfot. Kvifor ikkje, det er jo det vi driv og syslar med i kvar ei ledig stund. Nyte godene av den flotte naturen vi har her i Kvinnherad, og godt merka stiar i skog og fjell.

Så her sto Anita og eg ved Pålavegen med sekkane våre pakka med eit innhald som ikkje er heilt vanlig for fjellturen. Vi hadde fått utdelt maling, merkebok og malarpensel av Turgruppa. Her kan det vera på sin plass og nevne at UIL si merking av stiane i Uskedalfjella er ein del av storsatsinga www.turstiar.kvinnherad.no

Vi skulle merka stien frå og til Fjelly ved Mannsvatn .
Med nydelig varmt vær, og gradestokken som viste 23 pluss grader, og sol frå skyfri himmel, var dette absolutt den riktige ettermiddagen for stimerking.

Det var godt og varmt opp Pålavegen i dag. I lia traff Anita og eg på ein "skapning" som Anita sjølv undra seg om var i nær slekt med ho:



Nydelig utsikt på veg opp Pålavegen











Vel oppe på Hauglandsfjellet, er det fin utsikt til Ulvanåso. Vi nærmar oss Fjelly, og starten for merking av ruta ned til Uskedalen.









Fjelly, og ei motivert Anita som er klar for innsats.




Eg fekk ruta langs vatnet. Vi måtte konstantere at det var på høg tid å svinge malarkosten. Dei fleste stader var merka så og seie nesten vekk. Dette tok tid. Det er fyrste gong eg har gått over Hauglandsfjellet med nasa i bakken, og rumpa som det nærmaste punktet opp mot sola.
Etter ei tid var det Anita sin tur å male, med eg jakta på dei gamle merka som måtte males på ny. Dette var eit tidkrevjande arbeid, men eit kjekt arbeid. Medan Anita fekk male, og søle maling på seg sjølv, fekk eg nyte naturen og ta bilete.



                Mannsvatn


 
                                                         Anita tek jobben svært seriøst, med maling, kost
                                                        og merkebok. Ingen skal klage på innsatsen.








Så var vi snart nede i bygda. Det er tid krevjande å merke sti, men koselig aktivitet. Ikkje minst kjekt at no er stien klar til å ta i mot folk frå både nær og fjern.

Vel nede i bygda er klokka blitt 22.30. Vi er stive i ryggen, og Anita ser ut som ein fargeklatt. Dårlig kombinasjon til kvit bil.

Då kan bare vi ynskja alle god tur :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)