fredag 30. mai 2014

Tverrfjell stod på planen...

på Kristi Himmelfartsdag. At eg hadde vore på firmafest onsdagskveld/natt tykte ikkje Ann Irene spela nokon trille - det er jo dagen etter ein fest du har skikkeleg fjellform, plar eg få beskjed om. No har eg høyrt det så mange gonger at eg har byrja tru på det sjølv ;-)

For å skjøna alle poenga i dette innlegget må ein nesten ha lese igjennom dette fyrst: Alle vegar fører til Rom

Kl. 10.24 tikka meldinga inn med verrapport, turmål og tidspunkt for å bli henta. Då var det berre til å reisa opp, rista litt på hovudet og sjekka at alt var der det skulle vera og kle på seg turkleda.

Vi starta frå same skogsveg ved Fjellandsbøvatnet som sist gang vi skulle på Tverrfjell. Den byrjar rett etter vi har passert det siste huset før vatnet.

Vi hadde minst lika flott ver i går som sist gang.
 
Det er ein litt steinete veg, og med så mykje krypdyr ute som det er i år, gjekk vi stort sett og såg rett ned i bakken. Men vi såg ikkje noko til ormen i går, heldigvis :-)
 
Vel oppe i enden av vegen visste vi jo at vi no måtte gå mykje lenger i retning Uskedalen enn sist gang. Ikkje noko rett opp denne gangen.
 
Her fann vi oss ein fin rasteplass :-)
 
Her sat vi å kikka rett over på Ulvanåso.
 
Vi var jo framleis litt usikker på kor langt mot Uskedalen vi skulle gå. Stien meinte vi måtte gå midt oppå fjellet ein plass, så vi kunne jo ikkje gå berre på langs. Fann ut vi fekk gå litt sikksakk oppover.
 
Det er eit fint terreng å gå i. Litt myrete enkelte plassar, masse lyng og gras - det siste gjer at det kan vera glatt å gå i dei brattaste bakkane.
 
Veldig nøgd med turen så langt. Ser eg tar ikkje opp mindre plass på biletet enn sist gang, i allefall... Og ja, det er Uskedalen i bakgrunnen.
 
Når vi kom høgt nok passerte vi nokre snøfonner og.
 
Etter å ha gått slik på kryss og tvers oppover ei stund såg det ut som om det ikkje var så langt igjen før vi kom opp på fjellet. Ok, denne siste bakken er ikkje så lang og det ser ut som om det skal gå greit å gå rett opp - så er vi ferdige med det. Som sagt, så gjort.
 
Eg stakk nett houvudet over kanten då eg høyrer Ann Irene " Er det mogleg??!!!"
 
Og dette er det eg får auga på! Kva fanden?? Går det an??? Korleis har dette gått til???
 
Der stod vi - på akkurat same plass som sist vi skulle til Tverrfjell!!! +- 10 meter kanskje! Ja, no fekk vi oss ein god latter :-) Men i motsetnad til sist så visste vi no i allefall at vi stod midt i mellom Tverrfjell og Gråfjell. To sekundar tenking og vi fann ut at då var det sikkert meininga av vi skulle på Gråfjell i dag og.
 
Sist gang vi var her oppe låg det ikkje noko snø her, og vi tykte jo at det nesten...

...var enda flottar her oppe denne dagen!
 
Så, etter ei lita nistepause la vi i veg mot varden på Gråfjell - stikk motsat veg i frå Tverrfjell...
 
Vi kom oss inn på same steinvardesti som sist gang.
 
 
Måtte traska over ein og anna snøflekk.
 
Sjå kor fint det er her!
 
Måtte beint legga meg ned med nasa i lyngen :-)

Ulvanåso
 
Og brått såg vi han - varden på Gråfjell:-) Og her kan ein faktisk skimta nokre raude T'ar og.
 

Måtte gå litt til høgre for å koma oss rundt snøen og på kanten av fjellet fann vi ei fin fjell- og steinformasjon.
 
Frikken er glad for å vera oppe på Gråfjell og kikkar utover Matrefjorden :-)
 
Utsikt mot Blådalen....
 
....og Folgefonna.
 
Vart ikkje like overraska over å kikka i boka denne gangen som sist gang ;-)
 
Det blas litt kald vind på toppen, så vi vandra litt tilbake for å ta ei lenger nistepause. Denne gangen hadde eg nok drikka med meg og Ann Irene hadde laga niste til begge to - så ingen møsing på turen i går :-)
 
Mmmmm...heldige meg :-)
 
Mette og nøgde byrja vi på tilbaketuren. Vi var veldig imponerte over oss sjølve på heimettervegen. Vi klarte å finna dei same snøfonnene, vi kjente igjen bekkane, vi kom forbi den fyrste rasteplassen vår og vi kjente til og med igjen ein kukake. Pføy - vi treng no ikkje noko kart når vi går på tur, slo vi fast. At vi havna på feil fjell igjen hadde vi gløymt ut....
 
Fantastisk flott tur!! Iom at det ikkje går noko sti i frå enden av skogsvegen, i allefall ikkje som vi veit om, skal vi vel vera litt forsiktige med å anbefala andre om å ta ut her. Men ein har jo god utsikt utover dalen heile vegen, så det er vel kanskje ikkje så lett å gå seg vill heller.
 
Avsluttar med dette fine biletet som visar at det kan vera fargerikt på toppen av eit fjell og: 

 
 
 
 
 
 
 

 

 
 

 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)