lørdag 28. juni 2014

Ferietid. Grønare på andre sida av gjerde?

Ferie? På jakt etter eit rik og mangfoldig kulturelt tilbod?

Vi Naturbarna har laga oss ein "tradisjon" med å innleia den fyrste "helga" av ferien saman.
Sjølvsagt er det fleire faktorar som bør vera på plass. God mat og drikke, sol og varme,  hyggelig lag, opplevelse, flott natur, sjø, båtliv, fjell og andrekulturelle innslag. Kvart år har det lukkas oss å finne den perfekte staden som innehar alle elementa vi har sett som kriterium for ein "god ferie".
No lurer vel du på kvar vi naturbarna brukar å reise? Om vi reiser til same staden år etter år, eller saumfere reiseomtaler på nett og i blader før vi legg ut på tur?
........å nei då, vi har funne det perfekte feriemålet for vår innleiing av ferien. Staden kan anbefales på det varmeste, og innehar alle element ein god ferie bør ha. Staden er Kvinnherad kommune. 

To av Naturbarna starta ferien sin fredag den 27 juni, og var klar for sosialt samvær, tur, god drikke og mat, natur og kulturelle opplevelser på høgt nivå. Dette måtte jo planleggas nøye. Vi samla oss til god mat og drikke i paviljongen fredagskvelden. Sommerkvelden vart nytt til fulle. Planlegging på høgt nivå, utan at vi eigentlig kom fram til eit konkret mål for laurdagen. Vi var innom telttur, fjellvandring, utforsking av Guddalen, m.m. Det einaste vi var heilt sikre på var at vi skulle til Rosendal fyrst, så i dronninga sine fotspor: Galleri Guddal.

Å slik vart det. Marit henta Anita og meg ca 11.30, så bar det inn til vakre Rosendal.
Vi innleia dagen med lunsj på Peder Bakar sitt konditori i skålagata, før shoppingrunde i Skålagata.
 




Etter koselig kaffe besøk tok vi turen gjennom handelsgato i Rosendal. Jammen greide i å få brukt litt pengar her i dag også, før vi la vegen mot Galleri Guddal.

Det fyrste som møtte oss då vi parkerte ved galleriet var denne vedstabelen. Artig og dekorativ

Flott utstilling. Eg prøvde å hinte om at maleriet Reise i stol og Kalven var noko eg godt kunne tenkt meg som gave til fødselsdagen min neste år......Rart eg ikkje fekk respons på det. Kosta jo bare i overkant av 100 000 kr....

Neste helg kjem Puswager og opnar ny utstilling med eigne bilete. Det vil eg anbefale alle å få med seg. 

Utan mat og drikke duger helten ikkje. Fekk servert nydelig rabarbra kake med is og ostekake.



Kaffen på Galleri Guddal


Etter eit koselig opphold med god mat og flott kunst var vi enige om å møtas i kveldinga for å gå på Skorpefjellet. Kvar og enkelt av oss skulle ta med litt mat og god drikke. Middagen/kveldsmaten skulle nytes på fjellet med utsikt mot heimbygda Uskedalen.
Så bar det i veg mot Skorpo

Skiltet var litt vel nærme bakken, og ikkje heilt lett å oppdage....
Velkommstkomiteen
Marit hadde teke med seg Naturbarnas sitt songhefte, laga av Anita. Ein liten serenade er på sin plass på veg opp til varden på Skorpefjellet. 

Nøgd dame ved varden. 22 pluss grader og sol er tingen kl 21.00 om kvelden.
Damene ved varden
Utsikt mot Rosendal
Nydelig utsikt ut over fjorden, og Tysnes

God drikke høyrer med på slike turar





Heim i vakker solnedgang
Legg til bildetekst


Ein flott dag i heim kommunen vår. Vi bur på ei ferieperle :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)