søndag 17. august 2014

Då meldinga tikka inn var eg klar som eit nykokt egg. Årets blåbærtur

Har nette lege nede, eller har vi ikkje gidda?

Det har lenge vore stille på Naturbarna sin blogg. Er det slik at vi ikkje har gidda skrive blogginnlegg, eller har nettet rett og slett lege nede over lengre tid? 

Neidå, grunner er rett og slett at det har vore stille. Anita kan nok ikkje skuldast for dette i det heile. Ho har vel forsåvidt vore klar til både telturar og andre turar. Dei sviktande ledda har vore Marit og eg.
Marit har hatt det travelt på jobb, noko som er eit godt teikn for jobben, men ikkje for naturbarna. Eg derimot har både hatt det travel, og for å toppe det innleiia eg sommaren med brudd på halebeinet. Ja du las riktig. Brudd på halebeinet. Går det an? Jo då det gjere det, og det er vondt. Sitta, ligga, gå og bøye seg er brått ei stor utfordring i kvardagen. Dei store fjellturane har ikkje freista. Sjølv om legen har oppfordra meg til å gå korte finr turar i ulent terreng, har eg styrt unna det meste av fysisk aktivitet. Men no når meldinga frå Anita tikka inn om blåbærtur i Blådalen kjende eg at dette ville eg vera med på. Dessutane er terrenget i Blådalen akkurat slik doktoren foreskreiv: Litt oppover, mykje innover og passe ulent. 

Eg var ikkje sein om å skrive: Eg er med!!!!!

Eg trur Marit var like klar som meg. Anita sendte melding om at eg måtte vera klar 11.30. Då skulle ho hente meg Det einaste eg måtte pakke i sekken var drikke, kaffi og noko å plukke blåbær i.
Nesten presis 11.30 køyrde tre nøgde damer av tunet mitt, på veg mot Blådalen og Fjellhaugen. 
Drøftingar pågår. Kvar skal vegen gå?

Så var vi klar for blåbærtur

Vi hadde bestemt oss for å ta vegen etter som den kom. Etter fyrste bakken kom vi til eit skilt. Her delte vegen seg. Kva sti skulle vi velja?


 Marit fekk ta valget. Vegen gjekk mot Nesjastølsvatn. Vi antok det var godt merka med T ar og raude merker, men det var det ikkje. Vi gjekk på ein sti som kunne vera dyretråkk, eller sti. Ikkje godt åseia. Oppi lia ved ein støl, såg vi to som plukka bær. Dei kunne vi spørja om vegen, å slik vart det. Vi fekk vegbeskrivelsar: Opp her, ta til høgre for vatnet, gå opp bakken. Gå ned lia på andre sidan ned til ei elv. Følg elva opp lia. De vil sjå Reikjavatn. Gå til Reikjavatn, og gå på høgre side, og opp lia til fjellkammen. Her vil de sjå Njøsastølsvatn. 
Ok, då var det bare å gå.
Vi gjekk etter vegomtalen vi hadde fått. Ikkje viste vi kvar vegen eigentlig gjekk, eller om vi var på ein sti eller ikkje, men underlig nok fann vi elva. 




Her var det mykje store, saftige og søte blålbær. Anita sa at her burde vi plukke litt bær til nista vår ho hadde i sekken. Vi skulle lage blåbærsylte.  Etter å ha plukka ei lita stund hadde vi rikelig med store saftige bær. 
Vi fekk komme oss vidare. Kor langt vi hadde igjen ana vi ikkje. 

Rekjavatn og Nesjastølvatne

Vi fylgde elva opp lia, og heilt riktig, her fann vi Reikjavatn.



 Vi gjekk mot høgre, og her fann vi jammen ein tydelig sti. Vi fylgde stien rundt vatnet og opp lia, og heilt riktig her kunne vi skimte det som nok var Nesjastølsvatn. Nydelig natur. 





Vi gjekk inn mot vatnet, og her kom valgets kvaler: Ned til vatnet eller opp i lia? Eg fekk viljen min, og vi gjekk opp mot fjelltoppen med utsikt over vatnet. 


Medan Anita og Marit rigga til for nistemat, tok eg turen vidare oppover i terrenget. Så flott utsikt. Så langt auga kunne rekke såg eg vatn, stølar og fjell. Heit fantastisk flott. Store vidder med flott natur. 
Vel attende hjå damene var leiren vår klar for nistemat


Anita hadde laga niste som seg hør og bør for ein blåbærtur.

Anita hadde dekka fjellet med duk, fat, lys med bilete av paven i Roma, skeier, gaffel, servietter, fjellurt te, kaffe, sukker, vaffel, og smør. Akkurat slik ein tursekk bør pakkast. 


No var det bare å nytte fangsten vår av sjølvplukka blåbær. Anita laga blåbærsylte til oss.

 For eit måltid. Dette var god fjellmat. Etter maten drog Marit fram Naturbarna sitt songhefte. Sjølvsagt måtte vi ha ein liten arie på fjelltoppen. Det er vel heilt vanlig praksis? 



Etter eit godt måltid, i godt lag og flott natur var tida inne for å gå attende å plukke meir bær. Vi tusla mette og nøgde attende til lia ved elva. Her var vi både vel og lenge. "Spann og bøtter" vart fult opp til randen av nydelige bær. 


Vel attende til bilen var vi skjønt enige om at dette hadde vore ein flott tur, den fyrste av mange fleire denne "hausten". 

På veg ned frå Blådalen køyrde vi inn i regnet. Vi hadde hatt fint vær på heile turen, med unnatak av to tre dråpar. Nede i bygdene regna det godt. 

Takk for flott tur damer. Gleda meg alt til neste


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)