tirsdag 9. september 2014

Utstøtt frå det gode selskap?



Etter å ha opna fjesboka i går kveld, og der fekk eg sjå alle dei flotte bileta Anita hadde lagt ut frå ettermiddags turen sin til Hauglandsfjellet og Storhaug, kjende eg retterleg at det var noko eg og godt kunne tenkt meg å vore med på. Dette resulterte i at eg skreiv: utan meg? 

Ikkje mange minutt etter kom svaret:
 Leve du? Eg har vittarleg prøvt å kontakte deg både på den eine og andre måte den siste veka utan hell - eg har lurt på kva eg har gjort gale og kvifor eg er utstøtt i frå det gode selskap..... 

Dette hadde ikkje eg fått med meg. Som bestemor til ei lita jente på 2 år, med eit stor interesse for mobiltelefon, hender det ikkje sjeldan at det går meldingar ut frå mobilen utan mål og meining, folk blir oppringt, innstillingene blir endra og nye bilete dukkar opp på telefonen. 
Som eit resultat av jenta si store mobilinteresse har ikkje mobilen min den siste tida alltid villa sende, eller ta imot meldingar. Dette hadde no Anita fått erfart, og misstolka..... 

Dette måtte sjølvsagt rettes opp snarest. Vi hadde begge registrert at yr.no hadde lova strålande sol, med ei lita sky tysdag. Middag etter arbeidstid ute i det fri måtte jo vera tingen. Då hadde vi ein avtale.

Tysdag, og tid for middag.

Tysdagen kom, og det lova strålande været var ikkje på plass. ja ja, det hadde jo aldri hindra oss før. Eg kjente eg gleda meg. Det positive med tungt, vått og fuktig vær var jo at det gjekk an å brenne bål ute i det fri utan fare for brann. Koselig!

Etter arbeidstid skunda eg meg heim,. Her skulle det lages pinnebrød, kokes kaffe, og pakkes sekk. Dette skulle bli bra!
Når alt var komme i sekken, og eg kjende meg bra klar for turen, ringte eg Anita. Er du klar? Vi går til Leiteshaugane å brenn bål. 

Anita var ikkje så gira som meg. Ho foreslo vi kunne vente til onsdag. Vart sikkert mykje bedre vær og alt. 
Anita vart møtt med eit klart nei. Det blir tur i DAG. Sekken er pakka,alt du treng med er drikke. Å slik vart det.

16.30 køyrde vi frå bygda. Skodda vart tjukkare og tjukkare til lengre opp i dalen vi kom. Vi la i veg opp mot Leitehaugane med godt humør, og det var jo faktisk ikkje så ille når ein fyrst var byrja gå. Faktisk var det ganske flott.

Humøret er ikkje noko å sei på sjølv om det både regnar og bles.

Kan ikkje klage på utsikten frå "middagsbordet" vårt

Bål er alltid kos 



 Vel oppe byrja det regne, og blåse. Dette stoppa ikkje oss. Det vart ei hyggelig stund ute i det fri. Middagen smaka fantastisk godt, sjølv om pinnebrødet var svidd utanpå og rå inni. Pølsa var nok meir svidd utanpå, enn varm inni, men alt i alt eit nydelig måltid. 

To nøgde damer vandra til bilen, medan nye turar vart planlagte. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)