fredag 26. september 2014

Blåbærturen

Naturbarna sin blogg har i den seinare tid vore relativ lite aktiv.
Det kjem ikkje av at vi ikkje har gidda skrive noko etter turane våre.... eller at nette har lege nede. Grunnen er nok ein heilt annan.
Vi har hatt det travelt på kvar vår kant. Anita har nytta mykje av tida si på jobb, ferie, Vi venene og andre syslar. Det positive er jo at Anitas boble har dukka fram igjen på nettes himmel.
Marit har jobba, jobba og jobba litt meir.
Eg (Ann Irene) har vel egentlig ikkje hatt det særskilt travelt, eller delteke på dei flotte turar i regi av vi venene....i staden forsikra eg meg om at sommaren skulle bli stille, rolige og heime i Uskedalen ved å bryte halebeinet.
vond rygg, stiv i hofta og dårlig på høge steg er ingen god kombinasjon med fjellturer, sjølv om legen påpeika den gunstige effekten av turer i ulent terreng ville ha for ryggen, har det ikkje freista så veldig mykje

Så når meldingen frå Anita kom om årets blåbærtur i Blådale kom, var eg ikkje sein med å takke JA. Blådalen har akkurat det terrenget eg trur legen min meinte. Litt opp, litt bortover, lett terreng, og ikkje minst fantastisk flott natur.
Marit hadde nok også vore akkurat like glad for meldinga som eg vart. Vi fekk beskjed om å stille klar på kvart vårt respektive tun 11.30. I sekken skulle vi bare ta med kaffi og drikke. Anita skulle fikse resten. Ja så måtte vi jo sjølvsagt ha med noko å plukke Blåbær i.

To minutt over 11.30 var damen på tunet mitt, og turen kunne starta. yr.no og storm hadde begge lova regn, men været så utrulig lovande ut. Vi hadde sjølvsagt teke med oss regnklede, slik gode turgåarar gjere......

Vi bestemte oss for å parkere i Fjellhaugen å la vegen bli til litt etter kvart. Vi fekk sjå kvar det var blåbær å finne.
Så var vi igang, men kvar kunne vi finne det blåe "gullet".....litt drøftingar på vegen
 Etter ei lita stund kom vi til dette skiltet. Vi var komme til ein plass som heiter Fagnabotn, og her delte vegen seg. Anita var kjend i traktene på vinterstid, og med ski på beina......men terrenget ser litt annerledes ut utan snø, og oppkøyrde løyper. Marit fekk velja retningen vi skulle gå. Valget fall på Nesjastølsvatnet.
Valgets kvaler. Vegen gjekk mot Nesjastølsvatnet
 Vi kunne raskt konstantera at her var det ikkje merka med verken raude T ar, eller god sti. Stien vi gjekk på kunne vera tilfeldig sauetråkk, eller sti? Oppe i lia ved ein støl såg vi to stykke som gjekk å plukka ber. Kanskje dei viste vegen? Jo vi fekk satse på det. Oppover bar det, og bak stølen fann vi dei to berplukkarane. Vi fekk gode vegbeskrivelse og bestemte oss for å prøve å finne dette vatnet.
Så der var det, fjellets blåe gull. Flotte store og søte blåbær.

 Vi fann raskt blåbær. Store flotte, søte og gode bær. Anita hadde ein plan. Vi skulle lage oss blåbærsylte når vi kom fram til målet for turen, så vi måtte plukke med oss litt.....så plukka vi meir på heimvegen. Slik vart det. Ivrige damer sette i gang. Når bæra er så flotte og store er det vansklig å stoppe å plukke, men til slutt fann vi ut at vi hadde rikelig nok til vårt formål. Vi fekk komme oss vidare. Ikkje viste vi heilt kvar vi var, og ikkje viste vi heilt kor langt vi hadde igjen.....
Marit i god driv i blåbærlyngen. 

Rett etter ein liten bakketopp kom vi til Reikavatn. Her traff vi på nokre sauer som sette pris på selskap. 
 Vi hadde fått beskjed om at vi måtte gå på høgre side av Reikavatn, og opp og mot fjelltoppen bak. Når vi kom opp her ville vi sjå Nesjastølsvatn. No kom vi inn på ein sti vi fylgde rundt vatnet og opp lia. Ikkje lenge etter openbarte Nesjastølsvatn seg for oss. Her var det jammen flott.
Nesjastølsvatn i all sin prakt
 Skulle vi gå ned til vatnet, eller skulle vi opp på høgdene over vatnet? Eg fekk viljen min, og det vart på opp :) Å du og du for ei utsikt. Vi kunne sjå stølar, nye vatn og fjell så langt auga kunne rekka.
I den flotte naturen er det alltid noko å undre seg over. Korleis i alle dagar hamna denne steinen her, og kvifor har den ikkje gått utfor "stupet". Artig 

Nydelig utsikt alle vegar. 
 Når eg var ferdig med å klatre opp på alle toppar for å sjå kva som var på den andre sida, tusla eg attende til Marit og Anita som hadde rigga seg til som seg hør og bør for ein god blåbærtur. Duk, vaffelkaker, fjellte, stearinlys med bilde av paven i roma(sjølvsagt ting på fjellet), sjokolade, vatn, smør, serviettar, fat, skei, gaffel, sukker og kaffi. Akkurat slik ein tursekk bør og skal sjå ut. Marit hadde teke med naturbarna sitt songhefte, slik at vi kunne ta oss ein arie ute i guds frie natur, slik seg hør og bør på slike turar. Om dette er vanlig? Sjølvsagt, når naturbarna er på tur. :)









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)