lørdag 4. oktober 2014

Ver klar for Vardhaugselet...

..i morgon kl.12, tikka det inn ei melding til meg på mobilen fredagskveld. Eg prøvde å ymta frampå at det var meldt veldig mykje vind til i dag - var Vardhaugselet rette plassen å gå ein slik dag? Ja, det var det visst...

Så i dag tidleg, medan eg enda låg under dyna og høyrte på vinden som ulte i ovnen, røska i husveggen og blås kvit på sjøen, kom enda ei melding: " Fina turveret og vindstille. Møtes på Søsterheimen kl.12". "Vel, vel", tenkte eg, "eg skal ikkje vera verre på det enn at eg skal vera på plass."

Kl.12 var alle Naturbarna klare for tur. Eller, Marit var litt febertusten, men ville no likevel prøva seg på tur. Vi valgte å fylgja vegen mot Olderbotten. Vanlegvis ein grei veg, men i dag så han slik ut:

Skogsarbeidet hadde sett sine spor..
 
 
....men utanom vegen så var den fine høsten på plass på Valen og :-)
 
Må alltid ta eit utsikts bilete her :-)
 
Sjølv om det kanskje ikkje var fullt så vindstille som Ann Irene hadde prøvd å gje inntrykk av så var det i allefall varmt nok å gå tur i dag. + 18 grader viste det i bilen min, og det må vera bra til å vera 4. oktober! No er jo ikkje vi så opptatt av årstider, grader og slikt, så for oss var det heilt naturleg å ta fram dette då vi nådde Olderbotten:
 
Må nesten få leggja til at det faktisk ikkje var planlagt at eg skulle ta med God Jul kopp og Ann Irene ta med kakemenn i dag, men slik vart det :-)
 
Det er ikkje så ofte alle tre er samla på tur lenger, så eg måtte gripa anledninga til å endeleg få gje dei resten av Romapresangen i dag (sjølvsagt kjøpt på Taxfree'en på Flesland):
 
Turchampis på gullflaske...
 
...eg visste det ville falla i smak :-)
 
Marit var ikkje blitt noko betre på veg oppover og vi var alle einige om at ho gjorde best i å gå nedatt og køyra heim på sofaen og pleia helsa. Eg var litt i tvil om eg skulle fortsetja turen. No var det ikkje berre vind, men og regndråpar i lufta - og eg hadde ikkje kledd meg for uver. Og medan eg vog for og i mot om eg skulle fortsetja, sat Ann Irene med nasa i mobilen og messa om at i følge YR så var det no sol på Valen! Og seier YR at det er sol, ja, då vel Ann Irene og stola på det! Det enda med at eg lånte med meg jakka i frå Marit og fortsatte turen med Ann Irene....
 
Rett ovanfor Olderbotten møter ein på eit stiskilje - ein kan gå opp til Vardhaugselet eller bort og ned til Svartatjødno. Og her gjorde eg eit sjakktrekk - eg klarte å lokka med meg Ann Irene mot Svartatjødno i stadenfor å fortsetja mot Vardhaugselet. Ann Irene hadde nemleg ikkje vore på Svartatjødno før og  når det gjeld nye stiar er ho ikkje så vanskeleg å lokka med seg :-)
 
Valedalen, nei den får vi besøka ein anna dag, tenkte vi og fortsatte mot Svartatjødno.
 
No tok det ikkje så lang tid før vi nådde Svartatjødno. Vi hadde laga ein liten plan om at vi skulle eta nista vår med hytta, men den var allereie opptatt. Eg såg på heile Ann Irene at no tenkte ho " hvis eg berre pludrar med om litt daglegdagse saker og latar som ingenting og fortset å gå vidare oppover mot demningen no, så merkar sikkert ikkje Anita at vi går feil veg..." Det gjorde eg jo sjøølvsagt, men eg tenkte at "ja, ja, la oss no gå litt meir tur."
 
Og når vi var komen til demningen var vegen slutt, men såg det ikkje ut som om det gjekk ein fin sti vidare?? Skulle vi ikkje gå litt på den og sjå om vi fann ein plass å eta nista? Og slik blei det.
 
Kjempeflott terreng å gå i her.
 
Litt info.
 
Og vi gjekk og vi gjekk. Fin tursti og terreng. Vi gjekk forbi enda ein deming og brått fekk vi auga på dette:
 
Ei hytte i enden av vatnet. Og kor var vi no?? Jo, nettopp - i enden av Valedalen!
 
Og her var det bok vi måtte signera...
 
...og ein krok vi kunne eta nista i skjul for vinden i.
 
.
Nei, Ann Irene, den kan du pakka i sekken din igjen - det var nok med eit glas ved Olderbotten ;-)
 
Så var det på tide å tulsa heimatt. På veg ned att til Svartatjødno måtte vi ta ein tur utpå..

 
demingen på denne vindstille dagen ;-)
 
Fint ved Svartatjødno og :-)
 
Det var jo ikkje aktuelt å gå ned via Olderbotten igjen, så vi bestemte oss for å leita oss fram til den berømte Spirdalen. Og den fann vi jo...
 
...og det hadde jo vore litt tøffare å kunna seia at vi gjekk opp her istadenfor ned...
 
Det store spørsmålet no var: Korleis finna fram til bilane?? Eg har gått her eingang for leeeeenge sidan og kunne ikkje akkurat påstå at eg huska korhen vi gjekk av vegen og bortmot Søsterheimen igjen. Men då vi kom ned til bommen skjena heile kroppen mot høgre og trur dåke ikkje der var ein sti? Og den måtte vi jo prøva... Over Bjørn Tores bru gjekk vi og....
 
....her kunne vi ha tatt inn om vi ikkje fann fram...
 
Men sjølvsagt fann vi fram! Stifinnar A. Enæs leda an rett på bilane - Ann Irene vart sjølvsagt kjempeimponert og fra seg av beundring ;-)
 
Og snipp, snapp, snute, så var denne turen og ute :-) Valedalen fall i smak, så her skal vi heilt sikkert gå tur fleire ganger!


 
 
 
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)