søndag 21. september 2014

Er du med til Gygrastolen på søndag?

Denne meldinga tikka inn torsdag etter at eg hadde meldt avbud som deltakar på ettermiddagens tur i vår vakre fjellheim. Formen hadde dei siste veken ikkje vore heilt topp. Kvinnherad har blitt "hardt" råka av den sedvanlige haust forkjølelsen, med feber, vondhals, snue, og hoste som liksom aldri vil gje sleppet. Eg og antakelig 70 % av Uskedalen sin befolkning har i desse dagar gått rundt og snufsa og hosta.....så tur til Gyrastolen? Eg som ikkje i det heile kunne vurdert å gå ein kjapp tur etter jobb i vår fjellheim med denne hosten? Vel det var jo nokre dagar frå torsdag til søndag...... Men GYGRASTOLEN då.

Eg viste jo kvar fjellet låg. Eg hadde jo sett det karakteristiske fjellet i enden av Myrdalsvatnet. Eg hadde også høyrd at dette var ein av dei "svarte" toppturane vinterstid på ski her i kommunen, men utanom det, hadde eg heilt begrensa kunnskap om fjellet.

Eg måtte finne meit ut om fjellet før eg takka ja til å gå turen søndag.

Gygrastolen

Kvinnherad kommune si side om turstiar måtte vera eit godt utgangspunkt når ein skulle søke kunnskap om turen til Gygrastolen tenkte eg.....men nei, her var ikkje mykje å finne om Gygrastolen. Eg googla Gygrastolen, og fann litt info om skiturar i regi av UT, men elles var det lite. Eg fann også nokre sider på engelsk, der turen vart anbefalt på det varmaste nærmast som ekstremsport, med luftige heng og tauklatring mot toppen. Eg leita vidare og fann Mauranger og Ænes si turside på nettet. Her trudde eg i allefall det skulle stå noko om turen. Det var ikkje mykje. Det var nemnt nærmast som i ei bisetning nederst på sida med ein link som ein kunne fylgje. Vel der var kunn erro og beskjed om at sida ikkje eksisterte. Ut i frå kart fann eg ut at Gygrastolen var kring 1340 moh..... Ca 4 timars tur på ski opp. Og at det var flott utsikt. OK, dette var ikkje mykje å forholda seg til. Tja, skulle eg gidde dette med seig forkjøling som liksaom ikkje ville sleppe taket? 

Meldinga 

Eg sette meg til å skreiv ei så diplomatisk melding eg berre kunne: 
Eg er ikkje sikker på at eg er i form til den der Gygrastolturen...... er du klar over at du må klatre i tau på slutten? Turen er regna som 4 timar opp på ski. Då veit du at det tek lengre tid å gå? Eg trur du må få med fleire, for eg kjem til å bli ei sinke. Kanskje eg til og med snur.... Dessutan er det merka???? 

Svaret deg fekk til bake lydde ca slik: 
Tenkjer du greier deg. Når du er i dårlig form går du vel til fjells slik som oss normale utan sælegenet. Sikker på at du forsvinn opp lia. Dessutan er stien merka. Kjenner folk som var der sist sommar. Fin tur, pluss at til og med min "gamle onkel og tante gjekk nesten opp". Dette er ein flott tur, med variert terren, ikkje sånn bratt før på slutten. Vi treng jo ikkje klyve bort til varden

OK, eg fekk vel vera med då. Ja sidan både kjente folk og slekta til Anita alt hadde vore der, og det var ein fin tur, med mindre stigning en dei andre toppturane.Men eg ville ha retrett mogleik. Formen var tross alt langt frå på topp. Nesten 14 dagar med minimal rørsle gjere noko med formen. Nei eg ville kunne snu dersom eg ville det. Så eg lova å vera med, men anbefalte Anita på det sterkaste å få med fleire, slik at ho ikkje vart gåande åleina dersom eg snudde. Slik vart det.

Anita la ut melding om at vi skulle på tur på sida til Vi venene, noko som resulterte i at vi fekk med oss to kjekke damer frå nabo bygda. 




Gygrastolen, med Skronten


Søndag og tid for tur.

Med ringeklokka på 07.30 søndagsmorgon, var det bare å komme seg i rørsle. Vi skulle møtast kring kl 10.00 ved kyrkja på Ænes. Då eg svinga bilen min inn på parkeringsplassen var den eine allereie byrja gå. Dei to andre venta lydig på meg den treigaste i flokken. Så starta turen. 
Anita hadde vore inne på den engelske sida og printa ut turomtale, og kart. Det var lurt. Fyrst skulle vi gå mot Ænesdalen. Nesten inne ved setera skulle vi ta av på ein skogsveg mot venstre.


Her fann vi eit heime mekka skilt


 Denne skulle vi fylgje nokre 100 meter, før vi skulle ta inn på ein liten bit med skogsveg mot høgre. Før ein bekk, skulle vi fylgje stien på høgreside opp gjennom skogen. Å sånn vart det. På enden av skogsvegen møtte vi ho som hadde byrja turen litt før oss andre. Ho hadde gått ein anna veg opp hit en det vi hadde. I samla flokk byrja vi turen. Vi fann raskt ut vi hadde ganske ulikt turtempo. Det var greit. Eg og ei anna gjekk fyrst i vårt tempo. Så om Anita og den andre i deiras tempo. Stien var grei å fylgje. Vi såg at det ein gong hadde vore merka med raude merke på tre og steinar, men desse var så og seia vekke


Flott terreng å gå i. Berg og lyng


Flott og vill utsikt ned mot Ænesdalen



. Terrenget var flott å gå i. Rett over tregrensa kom vi på berg og lyng. Største delen av turen gjekk vi på slikt undrelag. Ei fantastisk utsikt fylgde oss på heile turen. Godt oppe i lia måtte vi konstantere at vi nok hadde litt større turtempo en dei andre. Vi kunne ikkje sjå dei att. Vi vart ståande å speide. Der mellom grienene ved skogkanten såg vi damene. Vi snakkast over telefonen, og bestemte at vi berre skulle tutle vidare i rolig tempo. Temperaturen var ikkje særlig høg oppe i fjellsida, og vi kjende raskt at vi byrja fryse når vi sto rolig ei stund. 

Flott utsikt ned mot det som må væra Gygrastolvatn. Her ligg det og ei "hytte/støl"


Nydlige hausfargar
Enkelte bratte parti




Nesten oppe på toppen av det vi hadde høyrd heite "Skronten" såg vi skodda komme sigande.

På veg inn i skodda




 Samstundes såg turkammeraten min at den eine av dei to lengre nede i lia hadde posta på facebook at ho hadde snudd 600 moh og var no på veg ned mot bilen. No vart vi usikker. Hadde begge snudd? 

Skulle vi vente på Anita her, eller var ho og gått ned til bilen? Vi prøvde å ringe, men fekk ikkje kontakt. Ikkje kunne vi sjå ho i fjellsida heller. Vi var snart oppe ved varden på Skronten. Altså, vi var ca 500 meter høgare enn det dei hadde vore for ei lita stund sidan. Vi bestemte oss for å gå opp og vente ei stund, før vi gjekk vidare mot Gygrastolen.






Skodda låg tjukk rundt toppen. Ute på Skronten nådde vi akkurat å knipse nokre få bilete av utsikta før skodda låg tjukk som melk rundt oss. 



Utsikt mot myrdalsvatn



Utsikt innover dalen





På toppen av Skronten, ca 1100 moh

Vi tok ei avgjere om å gjere vendereis. Ikkje ville vi sjå noko på toppen, og det var ikkje særlig lurt å gå vidare i så tjukk skodde. Nei vi fekk gå ned til Anita. På veg ned kom vi inn i sola. Her traff vi Anita. 

Her vart det matpause, før vi gjekk ned i samla flokk. 

Her fann vi oss ein fin plass å ete nista på veg nedover

Vi var skjønt enige om at dette var ein flott tur som vi burde gå på ny ein klar dag utan skodde. 

Ironisk nok såg vi skodda lette og fjellet var bada i sol då vi ankom parkeringa. Ja ja, ein kjekk og flott tur hadde det vore sjølv om vi ikkje nådde målet toppen av Gygrastolen. 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)