søndag 18. januar 2015

Og, DER var vi...

...tilbake! Har vore stille på turbloggen vår ganske lenge no. Vi har nok vore på nokre turar sidan sist innlegg, men dei har vel ikkje vore noko å skriva heim om ;-)

Men i dag har vi starta turåret 2015 med ei milepæl! Vi har nemleg vore på vår aller fyrste skitur i lag i våre snart 45 år gamle liv! Eg har lokka og lurt så lenge, men ikkje tale om at ho hadde tenkt seg på skitur.. Men i romjula sprakk nyheita - Per Ivar hadde handla nye ski til både seg og kona :-) Så i dag var det berre til å stilla ved Friheim kl. 12 for skitur ved Fjellandsbø.

Dvs. underteikna var ved Fjellandsbø kl. 12, klar for skitur. Dei andre to var på veg til Dimmelsvik for å kjøpa sjokolade.....Eg byrja difor å tusla innover litt i forvegen. Sidan vegen var brøyta, berre ikkje godt nok for Priusen, måtte eg ta skia på nakken.

Dei fine, nye skia mine - ja, for eg har endeleg fått ut fingaren og kjøpt meg nye eg og :-) Måtte berre grubla eit par år på kva type eg skulle ha - som om EG hadde merka forskjell på det eine paret i frå det andre....
 
Nemnte eg at eg har kjøpt meg nye ski??? Fine :-)
 
Fint vintarver ved Fjellandsbø i dag.
 
Omsider kom dei andre tuslande og vi var klar for den historiske augneblinken:
 
Fyrste skitur i lag nokon sinne :-)
 
Per Ivar blei raskt utpeikt til å vera skieksperten blandt oss. Vi fann nemleg ut at han hadde mest skierfaring etter å ha måtta gå på ski til konfirmasjonsundervisninga i hine hårde dagar. Eg kan levande sjå for meg at dei skiturane gjekk for seg med stor iver og kjappe skitak.....
 
Stor iver må vi vel seia at vi hadde i dag og, kjappe skitak - vel, kanskje ikkje. Det var nemleg eit ork å kava seg fram på ski på Fjellandsbø i dag. Mykje snø med litt skare oppå, men ikkje noko til å bera vekta vår = ikkje favoritt føre. Vi traff ein kar som hadde måtta snu rett etter dei siste husa - hunden hadde rett og slett nekta å gå lenger. Den hunden var sikkert den mest fornuftige av alle i dag, men vi bestemte oss for at vi skulle på skitur okkesom, så vi kava oss på fram.
 
 
Ein liten pust i bakken - det blei mange av dei etterkvart.
 
Vi gav oss ikkje før vi hadde kome eit ganske godt stykke oppover på skogsvegen. Men då sette Per Ivar og eg nesten ned veto om at no var det nok. Ann Irene såg jo at vegen ikkje stoppa her og kunne godt tenkt seg lenger, men så tok ho og til fornuften heldigvis :-)
 
Var godt å ta skia av seg ei lita stund.
 
Så då tok vi ei nistepause på nokon greiner som orkanen hadde deisa i bakken. Kaffi og solbærtoddy smakar fortreffeleg ute i naturen medan det drypp or rasar snø i frå trea - i allefall så lenge det er i frå greinene som ikkje heng over oss....
 
...tenkte desse to. Ann Irene derimot var litt meir skvetten :-)
 
Så skulle vi jo ned igjen same veg som vi kom opp. Dette kunne jo bli spanande - eit spor - kom ein utanfor så kom skia til å køyra seg inn under skaren og ein ville ta eit fint svalestup frametter. Og det gjorde vi jo - det blei knall og fall både baketter og frametter :-) I allefall på oss damene - Per Ivar haldt seg irriterande nok på beina. Men så var jo han skieksperten og då :-)
 
Sjå der ja - her var eg nedi med stumpen. Her har eg jo fått gravt fram skia igjen - eg sat jo ei stund bomfast med skia under skaren både foran og bak...
 
Men det er jo ikkje så farleg å detta litt når ein har med seg ein gentleman på skitur :-)
 
Litt lenger nede tok eg svalestupet eg nemte ovanfor. Ann Irene, som forøvrig ikkje hadde nokon hemningar når det gjaldt å setja utfor bakkar, låg brått og vifta med ein halv stav framføre meg. Heldigvis var det ikkje dei nye stavane ho hadde tatt med seg, men eit par av Nansen sine gamle bambusstavar. Like etterpå prøvde ho og seg på eit svalestup. Eg måtte då presiserar at ho ikkje skulle stå på ski slik eg står på ski, men slik eg sa ho skulle stå på ski :-)
 
Utsiktsbilete på veg nedover mot vatnet.
 
Vi kom oss faktisk ned att utan å brekka noko anna enn den eine staven! Og då var vi sjølvsagt einige om at vi hadde hatt ein fin, men litt strevsom fyrste skitur. Eg trur i allefall vi fekk trena kvar muskel i heile kroppen i dag :-)
 
 
Med skia på nakken rusla vi nøgde tilbake til bilane :-)
 
 
Blir nok ikkje siste skitur dette - kanskje vi prøver oss i ei preparert løype neste gang??? ;-)
 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)