søndag 15. mars 2015

For ei flott helg...

...Naturbarna har hatt!

Ser ut som om dess eldre vi blir, dess fleire prosjekt hiv vi oss med på :-) Då Friluftslivets år 2015 annonserte at dei skulle arrangera #nattinaturen konkurranse klarte sjølvsagt begge to å melda seg på denne i lag med 3 andre damer. Laget kalla vi Telttøttene, og vi meldte oss på i kategorien #Sesongsoveren. Det betyr at vi skal overnatta ute minst eingong vinter, vår, sommer og høst. Den fyrste overnattinga bestemte vi måtte skje 14.-15.mars. Vi har grugleda oss til dette - og ikkje minst etter at vi faktisk vann ein av hovudpremiane for lag - allereie FØR vi hadde vore på tur. 5 soveposar, bøker, refleksband og buffar har vi vore og henta i Posten :-) Hvis dåke vil veta meir om Telttøttene og fylgja med på mikroekspedisjonane våres kan dåke gjera det her: Telttøttene 2015

Sidan vi vakna til STRÅLANDE ver på laurdag, pakka Ann Irene og eg i bilen og reiste opp tidleg i Fjellhaugen. Slik fekk vi oss ein FANTASTISK flott skitur før vi skulle slå leir og møta dei andre.




 

Vi hadde nesten ikkje lyst å gå tilbake til bilen, men det måtte vi jo iom at det nærma seg tid for å treffa dei andre + i motsetnad til dei hadde ikkje vi satt opp teltet vårt enda.


Eg bar pikkpakk - Ann Irene satt opp telt :-)
 
Kos i teltleiren til Telttøttene :-)
 

Flotte Telttøtter på tur :-)

Ann Irene glyttar ut på månen gjennom teltduken i sånn ca. 06.30 tida :-)
 
Overnattinga gjekk fint - alle overlevde. Eg fann ut at hovudet hadde krympa i løpet av natta då hua mi brått var blitt altfor stor  - på den annen side hadde føttene vokse då skoa var blitt for små dagen derpå....
 
Etter å ha kosa oss med frukost, bålbrenning og nedriving av leiren køyrte vi heimatt. Men det var ikkje slutt på turhelga heilt enda. Sidan det framleis var tidleg på dag og nesten like fint ver i dag, var det berre til å hiva seg rundt å bli med kusine Lene på...
 
...trugetur rundt omkring i Pålavegen :-) Vi gjekk på snøen, altså....
 
Kjempefin tur det og :-) Men då eg kom heim i frå denne turen - ja, då syntes eg at eg fortente å tilbringa resten av søndagen på sofaen :-)
 
Ann Irene har vore på familietur - så ho var ikkje heilt ferdig med turhelga ho heller etter å kome heim frå fjellet... :-)
 
Ja, det var turhelga si det - håpar det blir mange like fine helger frametter :-)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du legge inn ein kommentar om du vil :-)